Pasientjournal (Gerica)

Pasientjournal (Gerica)

Dokumentasjon i fagsystem for helse, pleie og omsorg.

For brukarar innan pleie og omsorg, bu- og habilitering og tenestekoordinering skjer saksbehandling og registrering i fagsystemet Gerica. 

Frå 1. mai 2021 er Gerica fullelektronisk med arkivering i Documaster arkivkjerne. Før dette vart alt arkivverdig materiale etter arkivlova skrive ut på papir. Resten går til elektronisk pasientjournal (EPJ)

Kvar brukar har ein journal som omfattar både tenestedokumentasjon (løpande drift) og saksbehandling. Det kan vere mange saker pr brukar.

Innhald i arkivdel

Pasientjournal vert til i Gerica og vert nytta av Seksjon Helse og velferd (Bu og habilitering, Heimebasert omsorg, Ergo/fysio/friskliv, Psykisk helse og rus) og Omsorg og sjukeheim (Ørstaheimen, Hjørundfjordheimen, Vartdal helsetun)

Pasientjournalen inneheld både det som er arkivverdig etter arkivlova og det som er EPJ.

  • Søknad om teneste
  • Vedtak
  • Tvang
  • Vederlag
  • Samtykke
  • med meir

Arkivverdig materiale etter arkivlova vert arkivert i fullelektronisk kjerne i Documaster.

Tilgang til arkivdel

Tilsette som har tenestleg behov for tilgang. Brukarstyrt.

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei
Klassifikasjon: Sensitiv
Lovheimel: Off.lova §13 jf forv.lova §13 + lovverk innan det einskilde tenesteområde 
Tilgjenge: Dei som har behov for informasjon om brukaren for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til pasientjournalen.
Integritet: Pasientjournalen, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere mogleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet: Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teiepliktskjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.
Behandling Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.