Skatt og innfordring

Skatt og innfordring

Saker vedkomande innfordring og restansar. Saksbehandling i  Acos WebSak

Ei saksmappe pr sak

Tittel - Skattesak - type sak      Tittel linje 2 - Fornamn Etternamn
Arkivdel - Skatt og innfordring
Sakstype - SK
Klassering -  SSA 13
Tilgangskode - S

Innhald i arkivdel
  • utleggsforretningar
  • tvangssal
  • tilbakebetaling/nedbetalingsavtale
  • ettergjeving skatt
  • gjeldsordning
Tilgang til arkivdel

Sakshandsamar på økonomiavdelinga har tilgang til arkivdelen, i tillegg til arkivet.

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei
Klassifikasjon: Sensitiv
Lovheimel: S - Off.lova §13 jf forv.lova §13 og skatteforvaltningslova § 3-1
Tilgjenge: Dei som har behov for informasjon for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til mappa.
Integritet: Mappa, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere mogleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet: Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teiepliktskjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.
Behandling Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.