Helsekort (helsestasjon - HSPro)

Helsekort (helsestasjon - HSPro)

Saksbehandling og registrering skjer i Visma HSPro. HSPro har frå 1.9.2020 fullelektronisk arkivkjerne - Visma Samhandling Arkiv (VSA) der det som er arkivverdig etter arkivlova vert arkivert. Resten går til elektronisk pasientjournal (EPJ).

Ei saksmappe pr brukar.

Innhald i arkivdal

Registrering, oppfølging, rettleiing, helsesjekk, vaksinering med meir. For born og unge i alderen 0-20 år, gravide og føresette.

Tilgang til arkivdel

Tilsette på helsestasjonen.

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei
Klassifikasjon: Sensitiv
Lovheimel: Off.lova §13 jf forv.lova §13 + lovverk innan det einskilde tenesteområde 
Tilgjenge: Dei som har behov for informasjon om brukaren for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til pasientjournalen.
Integritet: Helsekortet skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere mogleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkiv som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet: Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teiepliktskjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.
Behandling Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.