Drift

Søre Sunnmøre IKT leverer infrastrukturtenester og applikasjonar til våre sju kommunar frå vårt datasenter på Hareid.

Infrastruktur – nettverk og tryggleik

Vi har i fleire år hatt eit godt utbygd redundant fibernett mellom kommunane, som er grunnstammen i leveransen. Likevel, nettverk har hatt hovudfokus gjennom heile 2018 og arbeidet held fram med uminka kraft i 2019. Som elles i samfunnet opplever vi ein massiv vekst i talet på einingar som skal på nett, på ein rask, stabil og trygg måte. Særleg innan helse- og oppvekstsektoren ser vi ein kraftig auke i talet på einingar, og då primært einingar som nyttar WiFi eller mobilnett som berar. Siste tre åra har vårt WiFi nett auka med over 100% per år, både talet på trådlause aksesspunkt og tilkopla einingar.

Nettverket vert overvaka døgnet rundt, både med tanke på oppetid og feilretting, i tillegg til å verne mot uønskte hendingar eller tryggleiksbrot. All trafikk til og frå vårt nettverk passerar våre Checkpoint brannmurklynger i datasenteret på Hareid, som inspiserer trafikken og vernar våre brukarar og tenester mot åtak med den beste teknologien som er tilgjengeleg i marknaden i dag.

Infrastruktur – server

I vårt datasenter er dei aller fleste tenestene leverte frå ei virtualisert plattform. Vi nyttar VMWare vSphere og i all hovudsak maskinvare frå Dell og Cisco. Alle infrastrukturtenester er bygd opp redundante, det vil seie at vi tåler utfall av ei node, men tenesten er framleis oppe. Det gir oss også moglegheit til å drive med naudsynt oppgradering og endring utan at tenestene går ned for brukarane.

I tillegg til desse infrastrukturtenestene, som overvakar og sikrar nettverk og einingar, har vi eit VDI miljø basert på Citrix XenDesktop, som er heilt sentralt i leveransen av tenester til brukarane. Her har vi levert applikasjonar i tradisjonell publisert utgåve i 10+ år, i tillegg også virtualiserte skrivebordsflater dei siste fem åra.

Applikasjonsdrift

I Datasenteret på Hareid driftar vi også serverar som leverer applikasjonar til brukarane i kommunane, til dømes:

  • journalsystem for lege- og helsesektoren
  • sak og arkiv
  • løn, økonomi og personal
  • tekniske tenester