Guro Gausemel tilsett som dagleg leiar

Guro Gausemel tilsett som dagleg leiar

 

Bilde av Guro Gausemel - Klikk for stort bilete Pressefoto

Styret har tilsett Guro Gausemel som ny dagleg leiar av Søre Sunnmøre IKT. 

Guro er opphaveleg leiar for brukarstøtte i SSIKT, men har vore konstituert i stillinga som dagleg leiar sidan 2020. Ho kjem tidlegare frå stillinga som IKT-leiar i Herøy kommune. Ho har ein master i informasjonsteknologi, og har vore med på utviklinga frå ei tid då IT i kommunane vart sett på som ein støttefunksjon til der vi i dag ser på IT og digitalisering som eit kjerneområde/heilt sentrale prosessar i den kommunale tenesteproduksjonen.

Styreleiar i Søre Sunnmøre IKT, Ane Malene Søvik Nygård, seier dei er svært nøgd med å ha Gausemel til å leie selskapet vidare.

– Vi går inn i ei tid der digitalisering og smidigheit i leveransane til sluttbrukar vil vere eit vesentleg bidrag til utvikling av tenestene og i korleis kommunane skal ivareta si rolle som samfunnsutviklar, kommenterer Søvik Nygård.