Vanylven kommune

Helsestasjon- og skulehelseteneste

Vanylven helsestasjon har lokale i Combisenteret på Fiskå. Vi gir tenester til barn og ungdom i alderen 0-20 år og deira føresette, samt gravide.

I tillegg til basistenestane tilbyr Vanylven kommune familieterapi.

 

Timebestilling:

Du kan kontakte helsestasjonen via Helsenorge. Ta kontakt når det passar for deg, og unngå telefonkø. Når du sender ei melding til oss via Helsenorge svarar vi normalt i løpet av ein arbeidsdag.

Du kan også laste ned Helsenorge appen til din mobiltelefon (iOS eller Android). Med appen kan du logge deg på enkelt med fingeravtrykk, ansiktsgjenkjenning eller personleg kode. Du treng då ikkje nytte ID-porten kvar gang du skal inn på tenesta.

 

Tenesta er sikker og gjer at du også kan sende oss sensitive opplysningar. Meldingar du sender til oss kjem rett inn i helsestasjonen sin elektroniske pasientjournal, og vert behandla her. Her finn du meir informasjon om tenesta.

Informasjon om kva tid vi er tilgjengeleg på den enkelte skule vert publisert med oppslag på skulane og ev. ranselpost til elevane.

Opningstider:

Måndag - fredag kl. 8-16

Telefon:

70 03 01 00

Leiar

Leiande helsesjukepleiar er Gry Janne Bringsvor
Tlf. 979 88 459

Helsestasjon for ungdom:

Kvar torsdag frå kl. 14:30-16:00.
Du treng ikkje bestille time, det er berre å møte opp.
Viss du ikkje har høve å møte kan du ringe helsesjukepleiar på tlf. 70 03 01 00.

Helsestasjon for ungdom held også ope i skuleferiar, bortsett frå eit par veker om sommaren.

Postadresse:

Vanylven kommune, Helsestasjonen, Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå.

Følg oss i sosiale media:

 

Vanylven helsestasjon

 

Helsestasjon for ungdom

 

Kva kan vi hjelpe deg med?

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Volda kommune

 

 

 

    Hareid              Herøy              Sande            Ulstein           Vanylven           Volda              Ørsta