Kva er COS og kva passar det til?
TryggleikssirkelenCOS er ei forkorting for "Circle of Security". På norsk kan vi kalle det for "tryggleikssirkelen". Dette er eit vegkart for å forstå barnet sine kjensler og behov. Ved introduksjon av tryggleikssirkelen vert foreldra presentert for «hendene», som illustrerer foreldra. Hendene skal vere den trygge basen som gir barna tryggleik til å utforske og oppdage verden.
Målet med COS er å hjelpe barnet til å kjenne seg trygg og på den måten stå sterkare rusta til å møte utfordringar seinare i livet. COS vil også vere med å bidra til eit godt samspel mellom foreldre og barn.
Foreldrerettleiing ved hjelp av COS er for foreldre med barn mellom 0-12 år. Kurset går over 8 møter, 2 timer kvar gong. Det er berre foreldra som deltek.
Videoen under, på engelsk, tek for seg grunnprinnsipa i COS: