Ledig stilling som Prosjektleiar

Ledig stilling som Prosjektleiar

Vil du vere med på digitalisering av offentlege tenester? Brenn du for å forme framtida og leie vellukka IT-prosjekt?
Fullstendig annonse finn du her: Annonse - Webcruiter

Søre Sunnmøre IKT er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta, og vi søkjer ein engasjert og dyktig prosjektleiar til å bli ein del av vårt team.

Om rolla: Som prosjektleiar vil du sitje i førarsetet og ha ansvar for prosjekt som er viktig for oss, kommunane, lokalsamfunnet og innbyggarane i vårt distrikt. Du vil vere ein pådrivar for digitalisering og effektivisering av prosessar.

Du vil fungere som eit viktig bindeledd mellom SSIKT, kommunane og systemleverandør/tredjepartsleverandørar. Du er ein nøkkelpersonen som sikrar at våre system fungerer optimalt og at brukarane får den støtta dei treng for å utnytte teknologien fullt ut.

Dine ansvarsområde og oppgåver

  • Leie og gjennomføre prosjekt i samarbeid med kommunane og eksterne partnarar
  • Definere prosjektomfang, budsjett, ressursar, gevinstar og tidsfristar
  • Koordinere oppgåver, vurdere risiko og følgje opp prosjektstatus
  • Ansvarleg for kontraktsoppfølging og samarbeid med leverandørar for forbetring, utvikling og feilretting i systema
  • Initiere forbetringar og nye prosessar i tråd med teknologiske endringar og lovpålagde krav
  • Utvikle og vedlikehalde dokumentasjon og opplæringsmateriell
  • Forenkle prosessar og leggje til rette for gode digitale løysingar saman med kommunane og leverandør
  • Særskilt ansvar for IT-systema som vert nytta av oppvekstsektoren

Kven er du

  • Du har relevant høgare utdanning og erfaring frå prosjektleiing
  • Du har kjennskap til samspelet mellom organisasjon, teknologi og forretningsprosessar
  • Du er ein naturleg leiar som er resultatorientert og bidreg til å skape endringskultur
  • Du har gode kommunikasjonsevner og evne til å setje deg inn i nye problemstillingar
  • Du er ein problemløysar som kan tenkje nytt og sjå samanhengar i komplekse situasjonar
  • Du har ei sterk forståing for IT-system
  • Du har kjennskap til kommunal organisering og beslutningsstruktur

Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ei moglegheit til å gjere ein skilnad i digitaliseringa av offentlege tenester
  • Utfordrande arbeidsoppgåver med rom for personleg og fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår og ein fleksibel arbeidskvardag

Er du den rette for jobben? Vi ser fram til å høyre frå deg!

Om du har lidenskap for prosjektleiing og ønskjer å bidra til digitalisering av offentlege tenester, oppmodar vi deg til å søkje!

Søknadsfrist:
11.08.2024

Stad:
Gurskøy

Tilsetjingsform:
Fast

Stillingsprosent:
100 

Kontaktinformasjon:
Guro Gausemel
Dagleg leiar
Telefon:+47 419 30 300 
E-post:guro.gausemel@ssikt.no
 


Søk på stilling som prosjektleiar i SSIKT