Kommunane på Søre Sunnmøre er dei første til å ta i bruk løysinga DigiHelsestasjon etter at pilotane Oslo kommune, Bergen kommune, Stavanger kommune og Haugesund kommune har vore med på utviklinga av løysinga.
Kjernen i DigiHelsestasjon er å tilby sikre, digitale tenester for gravide, føresette til barn i alderen 0-5 år, samt barn og unge i skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom og deira føresette. Brukarane av helsestasjonane er samla sett ei gruppe med høg digital kompetanse, som ofte ser på digitale løysingar som sitt fyrsteval for både innhenting av kunnskap og utføring av tenester.
DigiHelsestasjon gjer at innbyggarane kan:
- Sende og ta i mot meldingar til/frå jordmor-, helsestasjon- og skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom.
- Sjå sine timeavtaler og avbestille desse.
- Få varsel om planlagde avtaler via SMS eller e-post