Ressursgruppe for barn og unge

Ressursgruppe for barn og unge

For å sikre eit heilskapleg tenestetilbod, har Sande kommune ei ressursgruppe for barn og unge. 

Ressursgruppa skal støtte tenester og ansvarsgrupper i vurdering av samansette og kompliserte saker, og er eit rådgjevande organ.

Tenesta er gratis.

Ressursgruppa skal bidra til utvikling og samordning av det tverrfaglege arbeidet rundt born og unge i kommunen.

Barn, unge og deira foreldre som har behov for fleire tenester samtidig, kan sjølv be om at saka blir tatt opp i ressursgruppa.Det same kan andre kommunale tenester og ansvarsgrupper.

Sjå brosjyra om ressursgruppa for meir informasjon: Ressursgruppe for barn og unge i Sande (PDF, 392 kB)

Kven kan ta kontakt?
Kva kan du forvente?
Kva forventar vi?
Kva tenester sitt i ressursgruppa?

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune Herøy kommune Sande kommune Ulstein kommune Volda kommune Ørsta kommune
     Hareid          Herøy            Sande          Ulstein            Volda            Ørsta