Barneblikk

Barneblikk

Martine Grande

Svangerskap og småbarnsperiode kan by på glede og forventning, men også på uro og uvisse. Særleg når ein har eller har hatt livsutfordringar. Barneblikk familieteam er ei støtte- og losteneste som gir utvida oppfølging til gravide og småbarnsfamiliar som er påverka av eigne eller andre sine utfordringar knytt til rusmiddel og/eller psykisk helse.

 

Tenesta er gratis og det er ikkje krav om tilvising.

Saman med foreldra ønskjer Barneblikk familieteam å bidra til at barnet får ein best mogleg start i livet og at foreldra opplever meistring av foreldrerolla, familielivet og eigne liv.

Vår visjon: Gravide og småbarnsfamiliar skal få hjelp før rusvanskar eller psykiske vanskar i familien går ut over foreldrefungering og barnets utvikling.

 

KVA KAN VI HJELPE DEG MED?

Kvifor Barneblikk familieteam?
Kven er tilbodet for?
Kva kan Barneblikk familieteam hjelpe med?

 

Kven er vi?

Vi som jobbar i Barneblikk familieteam i Ulstein er fagpersonar frå kommunen og spesialisthelsetenesta:

  • Renate Pedersen (leiar): Sosionom med vidareutdanning i rus og psykisk helsearbeid.
  • Aina Louise Kvalsund: Sosionom og familieterapeut med vidareutdanning innan sped- og småbarn si psykiske helse.
  • Gudrun Solstad Thokle: Utdanna pedagog med tilleggsutdanning innan psykisk helse.
  • Wenche Gjerde Sætre: Helsesjukepleiar med vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge

Alle tilsette i Barneblikk Ulstein er sertifiserte COS-P (Circle of security parenting) kurshaldarar.

 

Korleis kome i kontakt med Barneblikk Familieteam?

Våre lokalitetar er på Ulstein helsestasjon, Reiten 20.

Ein kan kome i kontakt med oss ved å ringe: 908 73 341, eller Ulstein helsestasjon 700 17 880.

Jordmor, helsesjukepleiar, fastlege eller andre de er i kontakt med, kan òg formidle kontakt.

Tenesta er gratis og det er ikkje krav om tilvising.

Informasjon om Barneblikk frå Helse Møre og Romsdal HF

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune Herøy kommune Sande kommune Ulstein kommune Volda kommune Ørsta kommune
     Hareid          Herøy            Sande          Ulstein            Volda            Ørsta