Landbruksarkivet

Landbruksarkivet

Saksbehandling skjer både i Acos WebSak og i Landbruksdiretoratet sine system; Agros, estil og ØKS, der arkivverdige dokument kjem via SvarInn til WebSak.

Ei saksmappe pr sak.

Tittel: <Tiltakstype> - <namn på søkjar> - <evt. kva som skal utførast> <kommunenr kommunenamn - gnr x bnr y>
Tittel2:
Arkivdel: LAND - landbruk
Sakstype:  LS -landbrukssak
Klassering: knr/gnr/bnr 
Tilgangskode: UO

Innhald i arkivdel
  • Bygging av skogsveg
  • Drenering
  • Driftstilskot skogbruk
  • Finansiering i innovasjon Norge
  • Gjødselsspreiing dispensasjon
  • Konsesjon
  • Nydyrking
  • Samdrift
  • Skogfond - utbetaling
  • Smil-tilskot
  • UKL-tiltak

(RMP- og OBB-tilskot samt produksjonstilskot i saksarkivet)

Tilgang til arkivdel

Arkivdelen er i utgangspunktet offentleg.

Fleire avdelingar har tilgang; Landbrukskontoret, tekniske tenester og deler av kommunedirektøren sin stab i tillegg til arkivet.

Tilgangstyring slik at saker som er unnateke offentleg innsyn berre er tilgjengeleg for sakshandsamar, næraste leiar og andre som er gitt tilgang.

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei
Klassifikasjon: Offentleg - enkeltsaker og dokument kan vere uoff.
Lovheimel: UO
Tilgjenge: Dei som har behov for informasjon for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til denne arkivdelen
Integritet: Mappa, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere mogleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet: Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teiepliktskjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.
Behandling Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.