Bevaringsforskrift for kommunane på Søre Sunnmøre - Dokumentasjonsstrategi FELLES

Bevaringsforskrift for kommunane på Søre Sunnmøre

Bevaringsforskrift for kommunane på Søre Sunnmøre

Generelt om bevarings- og kassasjonsplan

Ein bevarings- og kassasjonsplan er ei utfyllande liste over dokumentasjonen som vert produsert i kommunen. Denne planen er bygd på bevaringsforsrkifta og er tilpassa kommunen. Til dømes er alle punkt som gjeld fylkeskommunen fjerna, og det er lagt til mange nye punkt. Bevarings- og kassasjonsplanen følgjer funksjonsinndeling frå forskrifta, og er ikkje knytt opp til kven som utfører oppgåva.

Dei nye føresegnene om bevaring og kassasjon tredde i kraft 01.01.2026.

Forskrifta gjeld dokumentasjon frå organ som er omfatta av arkivlova, og fastset kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida. Forskrifta pålegg ikkje organa å skape dokumentasjon.

Dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida, skal avleverast eller overførast til langtidsbevaring i tråd med arkivlova § 14. Dokumentasjon kan kasserast berre dersom anna lov gir heimel til å kassere han, eller dersom Nasjonalarkivet har gitt løyve til å kassere han, jf. arkivlova § 13.

Reglane om kva som skal takast vare på for ettertida av dokumentasjon frå kommunar, fylkeskommunar og staten gjeld òg for dokumentasjon som er blitt til i eit system for felles oppgåveløysing, og som organa skal inngå avtale om etter arkivforskrifta § 8.

Reglane om kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida når staten, fylkeskommunen eller kommunen gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift, gjeld òg for dokumentasjon frå private rettssubjekt i saker der dei gjer tilsvarande enkeltvedtak eller utferdar tilsvarande forskrift, jf. arkivlova § 3 første ledd bokstav b.

Bevaringsforskrifta

Dokumentasjonsforvaltninga på Søre Sunnmøre legg til grunn bevaringsforskrifta i sin fastsetting av kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida.

Innleiande reglar og generelle saker
Administrasjon
Politikk og folkevalde
Økonomi, veksemdstyring, rekneskap og innfordring
Personalforvaltning
Planlegging, byggesak og oppmåling
Opplæring og oppvekst
Helse og omsorg
Sosial og velferdstenester
Næring, miljø og samfunnsutvikling
Kultur, idrett, friluftsliv og kyrkje
Tekniske tenester, brannvern og samferdsel