Andre

Andre

Arkivrutine for:

  • Oppdragsmapper for støttekontaktar og fritidskontaktar
  • Tilsettingsmappe for avlastarar
  • Oppdragsmappe for avtale om omsorgsstønad
  • Mappe for avtale om arbeidstrening
  • Oppdragsmappe for fastlege
  • Oppdragsmappe for fysioterapeut
  • Oppdragsmappe for veterinær
  • Tenestebevis for tilsette som har avslutta arbeidsforholdet før 01.06.19

Innleiande informasjon: 

Dette gjeld personar som har (eller har hatt) ein personleg avtale med Ulstein kommune, men som anten ikkje er tilsett eller som ikkje er tilsett på heilt vanlege vilkår. Vi brukar derfor ikkje personalmappe i denne type saker.

Personar som har slutta i kommunen før vi starta med Acos, har vi ikkje personalmappe til i Acos. Det er ikkje føremålstenleg å opprette komplett personalmappe når desse ber om tenesteattest. Vi har derfor valt å bruke generell sak også i slike tilfelle. 

Litt om dei ulike ordningane:

Støttekontakt og avlastar
Ulstein kommune ved helse- og omsorgsetaten sone 1 har tenester som gjeld støttekontaktar og avlastar. Dei som skal vere støttekontakt eller avlastar i Ulstein kommune inngår høvesvis oppdragsavtale eller arbeidsavtale for dette. Soneleiar (Heidi Strand) har ansvaret for avtalane og sakshandsamar ved avdelinga (Lindis Sundgot) har ansvar for det praktiske arbeidet og organiseringa av dette.

Omsorgsstønad
Helse- og omsorgsetaten sone 1 har også ansvar for ordninga med omsorgsstønad. Soneleiar (Heidi Strand) har ansvaret.

Arbeidstrening
Avtale om arbeidstrening gjeld personar som gjennom tiltaksordingar har avtale om arbeidstrening i Ulstein kommune. Alle leiararane i kommunen kan inngå slik avtale.

 

Opprette oppdragsmappe i Websak
Innhald og skrivereglar