Plan- og byggesaker

Plan- og byggesaker

Felles skrivereglar utarbeidde av arbeidsgruppe for plan- og byggesaker i samband med innføring av sak- arkivsystem.

Saksmappe

Byggesak

Tittel 1: “Tiltak-  adresse - gnr x bnr y”
Tittel 2: Tiltakshavar (slik det er skrive i søknad. Er der to, så før opp begge)

Adresse:

  • Vegnamn husnr
  • Om det manglar husnr, skriv inn vegnamn
  • Manglar vegnamn legg på ev bustadfelt/krins – det som er naturleg på staden. Ikkje ver for generell (t.d Hareid)

 

Tiltak:  Kortfatta kva saka gjeld

  • Einebustad med garasje
  • Riving av naust
  • Tilbygg til hytte
  • Ombygging av bustad

 

Eksempel:
Einebustad med garasje - Hovsetbakkane 14 - gnr 8 bnr 10

Plansak

Tittel1: Detaljregulering for Søre Sunnmøre
Tittel2: PlanId xxx

Planident: Sakshandsamar føre på planident då denne gjerne vert tildelt eit lite stykke ute i saka.

Mindre endring av plan

Tittel 1: Detaljregulering for Søre Sunnmøre – mindre endring av plan
Tittle 2: PlanId xxx

Delesak

Tittel 1: Deling av eigedom – bustadtomt – frå gnr 8 bnr 10
Tittel 2: Heimelshavar

Jordskiftesak

Tittel 1: Jorskiftesak - frå gnr 8 bnr 10
Tittel 2: Heimelshavar

Vi vil  lage lister med eksempel for å lette arbeidet for arkiv

 

Journalpost

Byggesak inngåande

Bruk det som står på skjema

Er det kryssa av for dispensasjon føy til – dispensasjon

Spesielt for  «Søknad om løyve til tiltak»:

Er det kryssa av for Rammeløyve – skal tittel vere "Søknad om rammeløyve"

For igangsettingsløyve – skriv inn kva det gjeld, om det er grunnarbeid, innreiing eller liknande, det står i eige felt på skjema

 

Byggesak - vedlegg tittel
Type vedlegg Ved fleire spesifiser
Oversiktskart
Plankart Plankart - regulering, Plankart - kommuneplan
Situasjonsplan
Kart Kart - flyfoto, Kart - illustrasjon
Følgeskriv Utgreiing - søknad, Utgreiing - dispensasjon
Teikning Teikning - plan, snitt, fasade, terreng
Foto Obs!Ikkje legg inn store bidlefiler rett inn som vedlegg, lag pdf.
Merknad Merknad - Kari Numme, Merknad - grendalag
Uttale Uttale - Statsforvaltaren, Uttale - Statens vegvesen
Samtykke Samtykke - arbeidstilsynet, Samtykke - Statens vegvesen
Avtale om XX Beskriv kort kva avtalen gjeld
Vedtak Dersom tidlegare vedtak skal leggast ved - skriv inn saksnr
Skjema 1 xxxx Skjema, blankettar - bruk overskrift, t.d Gjennomføringsplan, Erklæring om ansvarsrett

Type vedlegg skal stå først i namnet, deretter spesifisering om nødvendig. 

Rekkefølge i samsvar med lista over.

 

Delesak

Bruk det som det er akryssa for t.d.:

  • Søknad om deling
  • Søknad om grensejustering

 

Er det kryssa av for dispensasjon så føy til – dispensasjon

Plansak

Bruk tittel i hovudbrev – sakshandsamar må kvalitetsikre.