Helsestasjon- og skulehelsetenesta på Søre Sunnmøre

I Noreg blir folkehelse behandla som ei politisk sak, og alle kommunar skal difor utarbeide ei ny folkehelseoversikt kvart fjerde år (folkehelselova § 5). Denne oversikta skal kartlegge faktorar som påverkar innbyggjarane si helse, og inngår i det systematiske folkehelsearbeidet.
Oversikta vi bli lagt til grunn for kommunalt planarbeid og i utforming av konkrete tiltak for eit meir treffsikkert folkehelsearbeid på både kort og langt sikt.

Det er viktig for kommunen at innbyggjarane har god helse, og Folkehelseportalen vil legge til rette for at innbyggjarane kan velje å fremje eiga helse.  
Gjennom kartlegging av folkehelsearbeidet i ei av kommunane er hovudinntrykket at folkehelseoversikta er lite brukt i det daglege, og Folkehelseportalen vil difor gjere det enklare for kvar kommune å nytte folkehelseoversikta i det daglege planleggingsarbeidet.