Kompetanse og samarbeidspartnarar

I helsestasjon- og skulehelsetenesta jobbar det ein rekke ulike yrkesgrupper, med forskjellig kompetanse. Her finn du ein oversikt over disse.

Grunnbemanninga på alle helsestasjonane består av helsesjukepleiar, lege, jordmor og fysioterapeut.

Grunnbemanning
Yrkesgruppe Skildring Utdanning
Helsesjukepleiar Helsesjukepleiar (tidl. helsesøster) er den største yrkesgruppa på helsestasjonane og i skulehelsetenesta. Helsesjukepleiar er ein autorisert sjukepleiar med vidareutdanning i helsefremmende og sjukdomsførebyggande arbeid for barn og unge 0–20 år og deira familiar. Blant hovudoppgåvene inngår helseundersøkingar, rådgiving, førebyggande psykososialt arbeid, undervisning og rettleiing, heimebesøk og oppsøkande verksamheit, samarbeid med skulen om elevane sitt arbeids- og læringsmiljø, habilitering og individuelle planer, barnevaksineprogrammet, og rettleiing i samliv, seksualitet og prevensjon. Bachelorgrad i sjukepleie (3 år, 180 stp.) + vidareutdanning som helsesjukepleiar (1 år, 60 stp.). Nokre helsesjukepleiarar har også ein mastergrad i klinisk sjukepleie (ytterlegare 1 år, 60 stp.)
Lege Helsestasjonslegen er som regel ein av fastlegane i kommunen. Mange av helsestasjonslegane har ei spesialisering i allmennmedisin, og har brei og generell kunnskap om alle sjukdommar og helseplager som rammer befolkninga. Legen har det medisinsk faglege ansvaret ved helsestasjonen, og skal rettleie dei andre yrkesgruppene i medisinske spørsmål. Helsestasjonslegen treff du ved konsultasjonane etter: 6 veker, 6 månader, 12 månader, 2 år og førskuleundersøkinga. Har du behov for tilvisning til spesialisthelsetenesta er det legen som gjer dette. Lege er også tilgjengeleg på helsestasjon for ungdom. Profesjonsstudiet i medisin (6 år, 380 stp.) + 1 1/2 års rettleiia praksis som lege i spesialisering. Spesialistar i allmennmedisin har ytterligare vidareutdanning gjennom 5 års praksis.
Jordmor Jordmora sine hovudoppgåver er å hjelpe gravide kvinner under svangerskap og ta seg av den nye familien i tida som føljer etterpå. Etter fødselen kan jordmor retteleie mor om amming og gi informasjon om mor si helse etter fødsel og om seksualitet. Jordmor er ein autorisert sjukepleiar med vidareutdanning i svangerskapsomsorg, fødselshjelp og kvinnehelse. Fødsel skjer normalt på sjukehus, og jordmora frå helsestasjonen er ikkje med på denne. Bachelorgrad i sjukepleie (3 år, 180 stp.) + mastergrad som jordmor (2 år, 120 stp.). Nokre jordmødrer har i tillegg vidareutdanning i t.d. bruk av ultralyd og/eller ammerettleiing.
Fysioterapeut Fysioterapeuten jobbar med kropp og bevegelse for å fremme god helse. Ein fysioterapeut førebygger og behandlar skader og sjukdommar som gir smerter og/eller nedsett funksjon i muskel- og skjelettsystemet. På helsestasjonen er fysioterapeut involvert i vurdering og behandling av motorisk skeivutvikling, asymmetri, feilstillingar eller smerter i musklar og skjelett. Ein stor del av fysioterapeuten sin jobb er å rettleie foreldre i korleis fremme bevegelsesutvikling. Fysioterapeut samarbeider tett med både helsesjukepleiar og lege. Bachelorgrad i fysioterapi (3 år, 180 stp.) + 1 års turnusteneste for å få autorisasjon. Nokre fysioterapeuter har også vidareutdanning i fysioterapi for barn eller psykomotorisk fysioterapi (1/2 år, 30 stp.).

I tillegg har nokon av helsestasjonane tilknytt andre yrkesgrupper. Desse kan variere frå kommune til kommune, og dei mest vanlege er beskrive her:

Andre yrkesgrupper
Yrke Skildring
Foreldrerettleiar Ein foreldrerettleiar har som regel ei helse- eller sosialfagleg utdanning i botn, og er sertifisert i ei eller fleire ulike rettleiingsmetodar for foreldre. Jobben er å hjelpe og støtte foreldra i å meistre si rolle og samspel med barnet. Om denne kompetansen er tilgjengeleg og kva metodar som nyttast varierar mellom kommunane. Ta kontakt med helsestasjonen i din kommune for meir informasjon om tilbodet.
Klinisk ernæringsfysiolog Ein klinisk ernæringsfysiolog undersøker, stiller diagnosar og rettleiar om førebygging og behandling av kostholdsrelaterte sjukdommar og tilhøve som påverkar blant anna kroppens omsetning og behov for næringsstoffer. På helsestasjonen er arbeidsoppgåvane primært rettleiing og undervisning i kosthald, samt hjelp til barn som har utfordringar med mat og deira foreldre. Ein klinisk ernæringsfysiolog er autorisert helsepersonell med ein 5-årig mastergrad i klinisk ernæring. Om denne kompetansen er tilgjengeleg varierar mellom kommunane. Ta kontakt med helsestasjonen i din kommune for meir informasjon om tilbodet
Kommunepsykolog Kommunepsykologen kan hjelpe ved lette til moderate psykiske plager, og gir også rettleiing og støtte til foreldra. Ved behov kan kommunepsykologen også tilvise vidare til spesialisthelsetenesta. Samarbeid med kommunepsykologen krev samtykke frå barnet/ungdommen og/eller foreldre. Kommunepsykologen er ein autorisert psykolog, utdanna gjennom det 6-årige profesjonsstudiet i psykologi.

Helsestasjonane samarbeider også med ei rekkje andre offentlege tenester. Desse er:

Samarbeidspartnarar
Kven? Korleis?
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) PPT vurderar behov for spesialundervisning i skulane, til dømes for barn med konsentrasjons- eller åtferdsvanskar, lese- og skrivevanskar eller psykisk utviklingshemming. Dei tilsette på helsestasjonen kan, når barnet/ungdommen og/eller foreldra samtykker til det, samarbeide med PPT.
Koordinerande eining Når barn eller ungdom har behov for koordinerte, langvarige tenester frå fleire aktørar, samarbeidar helsestasjonen med koordinerenda eining i kommunen om dette, etter samtykke frå barnet/ungdomen og/eller foreldra. Til dømes ved utarbeiding av ein individuell plan (IP).
Barnehagar Helsestasjonen har eit samarbeid med barnehagane på systemnivå, og kan også bidra direkte inn med generell informasjon til foreldre, til dømes ved utbrot av lus eller omgangssjuke. Etter samtykke frå foreldra kan ein også samarbeide om det enkelte barnet.
Skular Gjennom skulehelsetenesta er det eit systematisk samarbeid med skulane i alle kommunar, også vidaregåande skuler. Helsesjukepleiar er både tilgjengeleg for elevane ved behov, og bidreg også direkte inn i undervisninga om tema som til dømes seksualitet og psykisk helse. Det varierar kor mykje helsesjukepleiar er tilgjengeleg på dei ulike skulane, ta kontakt med helsestasjonen i din kommune eller din skule for meir informasjon.
Logoped For barn med ulike språk- og stemmevanskar kan behandling hos logoped vere aktuelt. Helsestasjonen kan samarbeide med denne etter samtykke frå barnet/ungdomen og/eller foreldra.
Frisklivsentral Frisklivssentralen er ein helsefremmande og førebyggande kommunal teneste. Målgruppa er dei som har økt risiko for, eller som har utvikla sjukdom og trenger støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar. Helsestasjonen samarbeider med frisklivssentralen på systemnivå i dei kommunane som har dette tilbodet, og kan også samarbeide kring det einskilde barn eller familie etter samtykke frå foreldra.
Fastlege Samarbeidet med den enkelte fastlege er basert på samtykke frå barnet/ungdommen og/eller foreldre. Samarbeid med fastlege kan vere aktuelt der det er behov for at fastlege veit om ei problemstilling som gjeld barnet, eller for vidare oppfølging/utredning.
Spesialisthelsetenesta Ved behov for utredning eller behandling på sjukehus av tilstandar som vert oppdaga på helsestasjonen vil legen tilvise deg vidare. Fastlege kan også tilvise til spesialisthelsetenesta.
Barnevernet Helsepersonell har meldeplikt til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller det ligg føre andre former for omsorgssvikt. Helsepersonell skal også melde frå når eit barn har vist vedvarande og alvorlege åtferdsvanskar. Meldeplikta til barnevernet går føre teieplikta.
Fann du det du leita etter?