Eit godt oppvekstmiljø er viktig for at barn og unge skal kjenne seg trygge og oppleve meistring. Kommunen har verkemiddel for å skape gode miljø i barnehagen, skulen og lokalsamfunnet. Kommunale tiltak kan også ha verknad for fritidsaktivitetar og oppvekstforhold i familien.
Vel 10% av befolkninga i Ørsta kommune er barn mellom 0-9 år. Det er eit stabilt barnetal i kommunen, mykje grunna tilflytting av barnefamiliar.
Å tilby barnehagar og grunnskular med god kvalitet er eit særs viktig folkehelsetiltak, fordi dei kan bidra til å jamne ut sosiale helseskilnadar.
Emma Simpson