Eit godt oppvekstmiljø er viktig for at unge skal kjenne seg trygge og oppleve meistring. Kommunen har verkemiddel for å skape gode miljø i skulen og lokalsamfunnet. Kommunale tiltak kan også ha verknad for fritidsaktivitetar og oppvekstforhold i familien.
I Ørsta kommune er vel 12% av befolkninga ungdom i alderen 10-19 år, og tal frå Ungdata, samt tilstandsrapporten for Ørstaskulen, syner ei positiv treng dei siste åra når det kjem til mobbing. Gode system i skulen som er knytt til førebygging av mobbing viser seg å fungere.
Det er fleire unge som opplever psykiske utfordringar, og manglande kapasitet til å takle presset om å vere «digitalt tilgjengeleg» og å prestere både sosialt og fagleg, kan gjere at den enkelte ungdom opplever dårleg sjølvbilete og sjølvtillit.
Skulehelse- og legetenesta erfarer at fleire ungdom vert tilviste for psykiske vanskar, men mange tilfelle kan dreie seg om normale psykiske svingingar hjå ungdomen.
Førekomsten av alvorlege psykiske lidingar er stabil. Ein kan difor ikkje vite sikkert om førekomsten av psykiske plagar i ungdomsåra er aukande, eller om det er grunna auka fokus og informasjon i samfunnet generelt.