Som brukar av SSIKT sitt datanettverk kan du få nytt passord dersom du har gløymt det, og eventuelt låse opp kontoen din ved å sende ein SMS. For at du skal kunne nytte tenesten må mobilnummeret ditt vere registrert saman med brukarnamnet ditt i våre system.
Slik gjer du:
Bestille nytt passord / Låse opp kontoen Send SMS til 480 40 555 med kodeord PASSORD etterfølgt av brukarnamnet ditt.
Døme: «PASSORD brukarnamn»
Ved feilmeldingar Send SMS til 480 40 555 med kodeord SJEKK etterfølgt av brukarnamnet ditt.
Døme: «SJEKK brukarnamn»
Eit passord må innehalde:
- Minst 10 teikn.
- Minst ein liten bokstav (a-z)
- Minst ein stor bokstav (A-Z)
- Minst eit tal (0-9)
- Ev. eit av desse teikna (non-alphabetic characters):
~ ` ! @ # $ % ^ & * ( ) _ - + = { } | \ [ ] : ; " ' < > ? / , .
(Du kan bruke spesielle nasjonalteikn, som Æ Ø Å æ ø å ñ é og så vidare). Du kan ikkje bruke ditt namn, etternamn eller brukarnamn i passordet. Systemet hugsar siste 4 passord som du brukte.
Passordreglar:
Passordet ditt er personleg og du er sjølv ansvarleg for at du ikkje deler passordet ditt med andre. Om du delar passord eller lagrar det ein stad der andre kan sjå det kan dei meisbruke informasjon om deg og din identitet.
Passordet må fornyast etter 12 månader. Du vil få ei påminning om bytte av passord 14 dagar før det går ut. Du kan gjerne endre passord før fristen dersom du ynskjer det.
Om du er tilkopla det kommunale nettverket med pc/tynnklient, kan du endre passord ved å trykke ned tastane CTRL + ALT + DELETE
samstundes og velje «Endre et passord».