Bevarings- og kassasjonsplan for kommunane på Søre Sunnmøre

Bevarings- og kassasjonsplan for kommunane på Søre Sunnmøre

Generelt om bevarings- og kassasjonsplan

Ein bevarings- og kassasjonsplan er ei utfyllande liste over dokumentasjonen som vert produsert i kommunen. Denne planen er bygd på bevaringsforsrkifta og er tilpassa kommunen. Til dømes er alle punkt som gjeld fylkeskommunen fjerna, og det er lagt til mange nye punkt. Bevarings- og kassasjonsplanen følgjer funksjonsinndeling frå forskrifta, og er ikkje knytt opp til kven som utfører oppgåva.

Dei nye føresegnene om bevaring og kassasjon tredde i kraft 01.01.2026.

Forskrifta gjeld dokumentasjon frå organ som er omfatta av arkivlova, og fastset kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida. Forskrifta pålegg ikkje organa å skape dokumentasjon.

Dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida, skal avleverast eller overførast til langtidsbevaring i tråd med arkivlova § 14. Dokumentasjon kan kasserast berre dersom anna lov gir heimel til å kassere han, eller dersom Nasjonalarkivet har gitt løyve til å kassere han, jf. arkivlova § 13.

Reglane om kva som skal takast vare på for ettertida av dokumentasjon frå kommunar, fylkeskommunar og staten gjeld òg for dokumentasjon som er blitt til i eit system for felles oppgåveløysing, og som organa skal inngå avtale om etter arkivforskrifta § 8.

Reglane om kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida når staten, fylkeskommunen eller kommunen gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift, gjeld òg for dokumentasjon frå private rettssubjekt i saker der dei gjer tilsvarande enkeltvedtak eller utferdar tilsvarande forskrift, jf. arkivlova § 3 første ledd bokstav b.

Bevaringsforskrifta

Dokumentasjonsforvaltninga på Søre Sunnmøre har laga sin eigen bevarings- og kassasjonsplan etter reglane i bevaringsforskrifta

Innhald og kapittel 1 Generelle saker
Kapittel 2 Administrasjon og politikk
Kapittel 3 Økonomi, veksemdstyring, rekneskap og innfordring
Kapittel 4 Personalforvaltning
Kapittel 5 Kommunal og regional planlegging og oppmåling
Kapittel 6 Opplæring og oppvekst
Kapittel 7 Helse og omsorg
Kapittel 8 Sosial og velferdstenester
Kapittel 9 Næring, miljø og samfunnsutvikling
Kapittel 10 Kultur, idrett, friluftsliv og kyrkje
Kapittel 11 Tekniske tenester, brannvern og samferdsel