Interkommunalt samarbeid om dokumentasjonsforvaltning

Interkommunalt samarbeid om dokumentasjonsforvaltning

Kommunane på Søre Sunnmøre har frå 1.1.2026 inngått avtale om kommunalt oppgåvefellesskap om dokumentasjonsforvaltning.

Med i samarbeidet er kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta - med Volda som kontorkommune. 

Samarbeidet femner om: 

  • Felles koordinator
  • System, utviklingsarbeid og skjema
  • Opplæring og brukarstøtte
  • Websak, postmottak og mottak


Vi brukar ny teknologi som kunstig intelligens for å gjere arbeidet raskare og enklare.
Arbeidet skjer gjennom eit samarbeid der Søre Sunnmøre IKT er felles driftssenter. 

Vi samarbeidar tettare om arkivtenester, utan å samle alle tilsette fysisk. Dette er med på å styrke kompetansen og skape eit sterkt fagmiljø.

I samarbeidet jobbar vi vidare med å sjå på korleis automatisering, regelstyring og kunstig intelligens kan effektivisere arkivarbeidet. Målet er å bruke mindre tid på manuelle oppgåver, og innføre meir automatiserte og moderne arbeidsmetodar.