Kunnskapsgrunnlaget

Kunnskapsgrunnlaget

Telemarksforskning har utarbeida eit kunnskapsgrunnlag “Utgreiing av framtidig kommunestruktur” som ser på dei tre alternativa der kommunane

  • held fram som dei gjer i dag,
  • samarbeidar enda meir eller
  • slår seg saman til ein kommune.

Kunnskapsgrunnlaget i sin heilheit (PDF, 3 MB) - dokument 172 sider

Rapporten blir presentert i eit felles kommunestyremøte 29. oktober.

Tabell 25 Samla og forenkla vurdering av dei tre strukturalternativa.

Om tabellen 

Tabellen samanfattar dei relative styrkane og utfordringane ved alternativa. Relativ styrke tyder at alternativet gir eit gunstig utgangspunkt på det aktuelle temaet samanlikna med dei andre alternativa. Blanda vurdering tyder at det finst både fordelar og utfordringar, at kunnskapsgrunnlaget ikkje gir ei eintydig retning, eller at verknadene særleg avheng av utforminga og gjennomføringa. Relativ utfordring tyder at alternativet har ei tydeleg avgrensing eller ein særleg risiko samanlikna med dei andre. Kategoriane uttrykkjer ikkje målte effektar eller sikre framtidige resultat. Dei er heller ikkje poeng og kan ikkje summerast til ei samla rangering.

Tabellen viser at alternativa gir ulike kombinasjonar av handlingsrom og risiko. Vidareføring har styrkar knytte til lokalt politisk sjølvstende og kontinuitet, men føreset at kvar kommune klarer å gjennomføre nødvendig omstilling. Forsterka samarbeid kan styrkje kapasiteten på konkrete område, men krev at faglege gevinstar blir kombinerte med tydeleg styring og oppfølging. Samanslåing gir størst formelt handlingsrom for samla prioriteringar, men dette må vurderast opp mot overgangsrisiko, langsiktige inntektsverknader og omsynet til lokal representasjon.

Samla vurdering av alternativa

1. Vidareføring av dagens kommunestruktur
2. Forsterka interkommunalt samarbeid
3. Samanslåing av Ørsta og Volda
Samla vurdering av verknader, risiko og handlingsrom