Innbyggarane skal få seie si meining
Dersom kommunestyra vedtek å gå vidare, blir innbyggarane involvert i prosessen. Det skal mellom anna gjennomførast ei innbyggarhøyring og fleire analysar.
I fase 4 blir det gjennomført ei strukturert høyring av innbygjarane. Enten i form av ei folkerøysting eller innbyggjarhøyring. Innbyggjarane får dermed høve til å seie kva dei meiner før kommunestyra skal ta endeleg stilling til saka.
Etter dette skal kommunestyra avgjere om dei ønskjer å starte forhandlingar om ein intensjonsavtale. Avgjerda skal byggje på rapporten frå Telemarksforsking, innbyggarhøyringa og annan kunnskap som kjem fram gjennom arbeidet.
Dersom begge kommunestyra ønskjer å gå vidare, er planen å halde høyring/folkerøysting i slutten av mai 2027. Deretter kan kommunestyra ta endeleg stilling til kommunestrukturen i juni 2027 dersom den foreslåtte tidslina står seg.