Skal Ørsta og Volda slå seg saman?
Det veit vi ikkje. Det er det vi skal finne ut av i denne prosessen.
Kven bestemmer om det blir samanslåing?
Dei folkevalte i kommunestyra skal bestemme dette.
Prosessen har fleire faser og kommunestyra må etter kvar fase bestemme seg om dei vil forsette vidare. Eit eventuelt endeleg vedtak for samanslåing vil vere i kommunestyremøta i kvart av kommunene i juni 2027.
Får innbyggjarane sei si meining?
Om ein kjem så langt i prosessen og kommunestyra går inn for det kan det bli folkerøysting i mai 2027.
Kvifor vurdera kommunane dette no?
Ørsta og Volda kommunar vurderer samanslåing fordi kommunane ønskjer å finne ut korleis dei best kan møte framtidige utfordringar innan økonomi, tenester og samfunnsutvikling. Før det blir teke noko avgjerd, skal fordelar og ulemper greiast grundig ut.
Grunnar som er blitt løfta fram
- Økonomiske utfordringar: Begge kommunane står overfor økonomiske utfordringar. Dette er peika på som ein viktig grunn til at det er aktuelt å vurdere framtidig kommunestruktur.
- Demografiske endringar: Kommunane ønskjer å vurdere korleis endringar i folketal og alderssamansetjing vil påverke evna til å levere gode tenester framover. Utgreiinga skal analysere langsiktige utviklingstrekk innan demografi og økonomi.
- Større og meir robuste fagmiljø: Eit sentralt spørsmål er om ein større kommune kan gi sterkare fagmiljø, betre kapasitet og meir robuste tenester innan område som krev spesialisert kompetanse. Dette er eit av temaområda som blir utgreidde.
- Regionutvikling og samfunnsutvikling: Volda og Ørsta blir omtala som ein tett integrert bu- og arbeidsmarknadsregion med mykje samarbeid og felles funksjonar. Kommunane ønskjer å undersøkje om ein annan organisering kan styrke samfunnsutvikling, næringsutvikling og regionen si konkurransekraft.
Kva innehelde kunnskapsgrunnlaget?
Kva er ei intensjonsavtale?
Ein intensjonsavtale viser at partane er einige om å undersøkje eller forhandle vidare før dei eventuelt inngår ei endeleg avtale.
Vil kommunane få betre råd?
Kva skjer med gjelda til kommunane?
Kva handlar dette prosjektet om?
Ørsta og Volda har fått pengar til å undersøkje om det kan vere aktuelt å slå saman dei to kommunane.
Kva kostar denne prosessen?
Tilskotet som er tildelt av Kommunal- og distriktsdepartementet (KOD) og Statsforvaltar spesifikt for dette prosjektet er tilsaman omlag 2,6 millionar kroner. I tillegg til dette kjem eigeninsats frå kommunane, som er på omlag 1 årsverk i ressursbruk per kommune.
Sjå Budsjett og finansieringsplanen for detaljar. (PDF, 68 kB)
Kva skjer med kommunestyre?
Vel ei strukturendring løyse dei demografisk utfordringane?