Ørsta og Volda kommunar arbeider saman for å finne ut korleis vi kan organisere oss og samarbeide i framtida. Det blir sett på tre alternative løysingar.
Kommunane:
- Held fram som dei gjer i dag
- Samarbeidar enda meir
- Slår seg saman til ein kommune
Det er ikkje teke stilling til om kommunane skal slå seg saman eller ikkje. Kommunestyra skal ta stilling til vegen vidare etter kvart som kunnskapsgrunnlaget og dei ulike delane av arbeidet er klare.
↕
↕
Volda kommune
Ørsta kommune
ALT 1: Volda og Ørsta held fram som to heilt sjølvstendige kommunar. Dei ligg separat slik skissa viser, med eigne folkevalde organ og kvar sin administrasjon.
Kommunestyra vil etter kvar fase avgjer om arbeidet skal halde fram. Les meir om prosessen.