Pasientarkiv

Saksbehandlinga skjer både i fagsystemet Gerica og i arkivsystemet Websak.

All korrespondanse og helseopplysningar kring ein pasient med helse- og omsorgstenester blir ført i pasientjournalen (EPJ-delen) i fagsystemet Gerica. Gerica fekk i 2021 etablert godkjend NOARK arkivkjerne og innebygd SvarUT-teneste for sikker digital postutsending.

Vedtak om tvang og makt til Statsforvaltaren blir ekspedert og arkivert i pasientsak i acos websak.
Det same gjeld klagesaker.

Pasientarkivet bådei acos websak og Gerica er fullelektronisk.

Organisering i websak: 

Saksmappe pr pasient/brukar/klient

Tittel1: Pasientsak - <Type sak>
Tittel2: Fornamn Etternamn
Arkivdel: PASIENT
Sakstype: PAS
Tilgangskode : PA
Klassering: fødselsnummer 11 siffer

Arkivdelen og dokumenta er ikkje synleg i innsynsløysinga.

Fullelektronisk arkiv frå 22.05.2019.

Innhald i arkivdel
Tilgang til arkivdel

 

Pasientarkiv
Klassifikasjon:Sensitiv
Lovhjemmel:PA - Off.lova §13 jf. forv.lova §13
Tilgjengelegheit:Dei som har behov for informasjon om pasienten/brukaren/klienten for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til pasientmappa
Integritet:Pasientmappa, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet. I det elektroniske systemet skal det ikkje vere muleg å fysisk slette eit dokument som er journalført. Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet:Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teiepliktskjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar
Behandling:Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.