Om SSIKT

Søre Sunnmøre IKT er eit interkommunalt samarbeid med utgangspunkt i § 27 i kommunelova. Det er sju kommuner i samarbeidet: Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta, som samla sett har ca. 50 000 innbyggarar. 

Våre primære tenester er drift, utvikling og brukarstøtte av IKT-system for om lag 14 500 tilsette og grunnskuleelevar i dei sju kommunane.

Vi er totalt 22 tilsette fordelt på 22 årsverk i selskapet. Dei tilsette arbeider innanfor tre ulike avdelingar: Brukarstøtte, Driftsenter og Tenesteutvikling og prosjekt. Selskapet vert ofte omtala som SSIKT, som er ei forkorting for Søre Sunnmøre IKT.

Vi har eit overordna styre beståande av ein representant frå kvar av dei sju eigarkommunene.

Bakgrunn

Søre Sunnmøre IKT vart skipa 17.10.2017, men starta formelt 01.01.2018 då dei tilsette frå kommunane si IKT-avdeling vart ført over til det nye selskapet. Samarbeid på IKT-området mellom deltakarkommunane strekker seg tilbake til 2005, då det vart kjøpt nytt sak/arkiv system på felles anbod. Sidan dette har samarbeidet utvikla seg til eit eige selskap som no leverer alle IKT-tenestane som tidlegare var ivaretatt av kommunene sine eigne IKT-avdelingar.
 

Mål

Målet vårt er å levere kostnadseffektive, stabile og trygge tenester frå eit felles driftssenter, og slik kunne levere best mogleg tenester ut til våre sluttbrukarar.