I dette alternativet held Ørsta og Volda fram som sjølvstendige kommunar, samtidig som samarbeidet om kommunale oppgåver blir meir omfattande og målretta. Det kan innebere vidareutvikling av eksisterande samarbeid og etablering av nye felles løysingar på område der kommunane ser behov for større fagmiljø, meir kapasitet eller betre ressursutnytting.
Alternativet omfattar ikkje éin bestemt organisatorisk modell. Omfang og organisering vil kunne variere mellom ulike teneste- og fagområde. Eit sentralt spørsmål er kva som kan oppnåast gjennom samarbeid utan å endre kommunegrensene, og kva konsekvensar meir omfattande samarbeid kan få for styring, ansvar og demokratisk kontroll.