Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa gjer greie for korleis Søre Sunnmøre IKT kommune samlar inn og nyttar personopplysningar.

Kven er behandlingsansvarleg

Søre Sunnmøre IKT ved dagleg leiar er behandlingsansvarleg for personopplysningar vi har, dette gjeld uavhengig av om vi har avtale med ekstern leverandør for lagring av data.

Om vi har avtale med ekstern leverandør for behandling av personopplysningar skal det alltid ligge føre ein databehandlaravtale.

Dersom du har spørsmål om personvern kan du ta kontakt:

Søre Sunnmøre IKT
Nedre Dragsund 2
6080 Gurskøy
post@ssikt.no
Telefon: +47 70 09 59 90  

Du kan og ta kontakt med Søre Sunnmøre IKT i saker som er knytt til personvern, telefon: +47 70 09 59 90 / e-post: personvern@ssikt.no.

Opplysningar som du sender inn til Søre Sunnmøre IKT, blir sendt til rette saksbehandler/behandlingsansvarleg.

Opplysningane gjer våre tilsette i stand til å utføre oppgåver knytt til drift, service og utvikling av informasjons- og kommunikasjonsteknologi. 

Kva personopplysningar vert behandla

Oversikt over kva personopplysingar som vert behandla ligg i protokoll over behandlingar.

Kvar vert opplysningane henta frå

Opplysningane vert henta frå:

  • Brukarane sjølve, dei tilsette i deltakarkommunane til SSIKT
  • Brukarinformasjon henta frå AD
  • Dokument du som brukar har sendt oss, uansett kanal (e-post, skjema, papir, SvarInn)
  • Dokument fått frå andre organ
  • Svarbrev frå Søre Sunnmøre IKT

Korleis vert opplysningane arkivert og ev. sletta

Alle fagsystem skal ha prosedyre for korleis opplysningane i systemet vert handtert. 

Korleis vert opplysningane sikra

Alle opplysningar som vert overført mellom din datamaskin og Søre Sunnmøre IKT sine datamaskiner i skjemadialogar transporterast over en sikra linje.

Dine rettar

Som registrert, den personopplysingane er knytt til, har du ei rekkje rettigheiter knytt til ditt personvern.

Nettstatistikk, informasjonskapslar og nettbasert behandling av personopplysningar for SSIKT sine Internettsider

Nettredaktøren har det daglege ansvaret for Søre Sunnmøre IKT si behandling av personopplysingar på ssikt.no.
 
Opplysningar som vert samla inn i samband med drift av nettstad vert lagra i Acos AS sitt skysenter.
Acos AS er leverandør av nettstaden og driftar løysinga for SSIKT.  SSIKT er behandlingsansvarleg og Acos AS er databehandlar.
  
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på din datamaskin når du lastar ned ei nettside.
 
Søre Sunnmøre IKT brukar ikkje informasjonskapslar til å generere statistikk, og vi kan dermed ikkje spore din bruk av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.