Personvernombod

Personvernombod

Eit personvernombod skal gi råd om korleis den behandlingsansvarlege på best mogleg måte kan ivareta personverninteressene. Søre Sunnmøre IKT pliktar å ha eit personvernombod sidan organisasjonen er eit interkommunalt selskap (offentleg verksemd).

Personvernombodet skal:

  • På rett måte og til rett tid involverast av behandlingsansvarleg i alle spørsmål som gjeld personvern.
  • Rapportere til høgste leiarnivå.
  • Ha nødvendige ressursar til råde, ha tilgang til personopplysningar og behandlingsaktivitetar.
  • Moglegheiter for å oppretthalde djupnekunnskap.
  • Overhalde teieplikta.

Personvernombod skal ikkje:

  • Ta i mot instruksjon i utføringa av oppgåvene.
  • Straffast eller verte sagt opp som fylgje av utføring av rolla som personvernombod.

Ansvar og oppgåver:

  • Vere kontaktperson for innbyggerane i alle typar personvernspørsmål.
  • Gje råd og rettleiing til behandlingsansvarleg og tilsette om personvern.
  • Gje råd om vurderingar av personvernkonsekvensar og kontrollere gjennomføring av denne.
  • Kontrollere at retningsliner og rutinar innan personvernområdet vert fylgd opp internt og vert haldne.
  • Kontrollere det haldningsskapande arbeidet og revisjon.
  • Samarbeide med Datatilsynet og fungere som kontaktperson for tilsynsmynde.

Personvernombod i Søre Sunnmøre IKT:

Kathrine Husø Johansen
e-post: personvern@ssikt.no