Felles kommunestyremøte om framtida for Ørsta og Volda

Felles kommunestyremøte om framtida for Ørsta og Volda

To blide ordførarar framfor ein grøn hekk. - Klikk for stort bileteOrdførar i Ørsta Per Are Sørheim og ordførar i Volda Sølvi Dimmen. Bente Engeseth

Torsdag 29. oktober kl. 17.00 blir det felles kommunestyremøte for Ørsta og Volda i Honndalshallen. Her skal Telemarksforsking presentere kunnskapsgrunnlaget for framtidig samarbeid og kommunestruktur. Møtet er ope for alle.

Ørsta og Volda kommunar greier ut korleis kommunane kan organisere seg og samarbeide i framtida. Arbeidet omfattar tre alternativ:

  • å halde fram som i dag
  • samarbeide meir eller 
  • slå seg saman til éin kommune

Telemarksforsking har fått oppdraget med å utarbeide eit fagleg kunnskapsgrunnlag som skal gi kommunestyra eit betre grunnlag for å vurdere dei ulike alternativa. Rapporten blir presentert for første gong under dette kommunestyremøtet av Bent Aslak Brandtzæg, som er prosjektleiar i Telemarksforsking.

I tillegg til presentasjonen frå Telemarksforsking vil Håvard Moe frå NIVI Analyse halde innlegget «Tid for taktskifte – berekrafta i Volda og Ørsta kommunar (og kommune-Noreg) fram mot 2040». Innlegget vil ta for seg utfordringar knytte til økonomi og berekraft i kommunane i åra framover.

Moe er ein av dei mest profilerte fagpersonane i landet innan kommuneøkonomi og omstilling. Han har over 25 års erfaring og har arbeidd med meir enn 300 norske kommunar. Han er kjend for å formidle kompliserte økonomiske spørsmål på ein forståeleg og direkte måte, og for å utfordre etablerte tankar om korleis kommunane blir drivne. I Honndalshallen vil han rette merksemda mot dei langsiktige utfordringane kommunane står overfor, og kva som skal til for å sikre berekraftige tenester i åra framover.

Begge kommunestyra har individuelle møte frå kl. 13.00.

Tid: Torsdag 29. oktober 2026 kl. 17.00
Stad: Honndalshallen, Prestegardsvegen 5, 6763 Hornindal
For kven: Ope for alle

Publikum kan stille spørsmål

Møtet er ope for alle interesserte. Det blir lagt inn ein pause i det politiske møtet der dei frammøtte får høve til å stille spørsmål om kunnskapsgrunnlaget.

Kva skjer vidare?

Det er ikkje teke stilling til om Ørsta og Volda skal slå seg saman. Kunnskapsgrunnlaget skal danne grunnlag for vidare politiske vurderingar.

Kommunestyra skal etter planen ta stilling til den vidare prosessen i november. Dersom begge kommunestyra vedtek å gå vidare, blir det lagt opp til innbyggarhøyring og fleire møte der innbyggjarane kan kome med innspel.

Den føreslåtte framdriftsplanen legg opp til ei eventuell folkerøysting i slutten av mai 2027, før kommunestyra kan ta endeleg stilling til kommunestrukturen i juni 2027.

Møtet blir strøyma

Fellesmøtet blir strøyma på kommunetv frå kl. 17.00.

Lenkje til strøyminga