Personvern i Søre Sunnmøre IKT

Personvern i Søre Sunnmøre IKT

Kva er personvern?

Personvern har sitt utspring i at alle menneske har ein ukrenkelig eigenverdi. Som enkeltmenneske har du derfor rett på en privat sfære som du sjølv kan kontrollere, her kan ein handle fritt utan tvang eller innblanding frå staten eller andre menneske.
 
Personvern er ikkje berre ein viktig menneskerett som skal sikre omsynet til den enkelte sin personlige integritet og privatliv.
 
Personvern er også viktig for å sikre felles gode i eit demokratisk samfunn.

Utan rett til å ha eit privatliv vil det ikkje vere mogleg for det enkelte menneske å skape seg eit rom til å utvikle refleksjonar og vurderingar på eit sjølvstendig grunnlag, utan å bli forstyrra eller kontrollert av andre.
 
Som ein del av dette er enkeltpersonar sin rett til å ha innflytelse på bruk og spreiing av personopplysningar om seg sjølv. Vi skal i størst mulig grad kunne bestemme over eigne personopplysningar.
 
Søre Sunnmøre IKT arbeider systematisk for at våre brukarar skal ha eit godt personvern.
 
Dette inneber at vi sikrar oss at vi har grunnlag for å behandle personopplysingar, vi behandlar ikkje fleire opplysingar enn naudsynt og ikkje lenger enn naudsynt, vidare at vi har god sikkerheit for dei opplysingane vi behandlar.

Dette er t.d. tilgangskontroll til personopplysningar.

Personvernerklæring

I Søre Sunnmøre IKT si personvernerklæring kjem det fram korleis Søre Sunnmøre IKT behandlar personopplysingar på eit generelt grunnlag.

Når Søre Sunnmøre IKT bruker dine personopplysingar har du ein del rettigheiter.

Søre Sunnmøre IKT  har eige personvernombod. Dette er dei tilsette i deltakarkommunane og innbyggjarane sin representant i saker som gjeld personvern.

Dersom du har spørsmål ta kontakt med oss på e-post: personvern@ssikt.no