Bassengtrening for gravide

Bassengtrening for gravide

Kommunane Hareid og Ulstein samarbeider om bassengtrening for gravide på Ulstein Arena, kvar måndag frå kl. 15.15 - 16.15. Det er tilgang til garderoben frå kl. 15.00. I skuleferiar og på fridagar er det ikkje trening.

Tilbodet er gratis.

Det er fokus på styrke og uthald, men også pust og avspenning. Øvingane kan tilpassast individuelt, og passar for alle gravide, også dei med bekkenproblematikk.

Instruktørar er fysioterapeutane Kjersti Vengen Jensen, Sunniva Røyset og Emilie Wehn.

Tilbodet er gratis, men du må melde deg på i forkant. Last ned appen Spond og legg inn gruppekode BDVNK.

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune Herøy kommune Sande kommune Ulstein kommune Volda kommune Ørsta kommune
     Hareid          Herøy            Sande          Ulstein            Volda            Ørsta