Kommunikasjon via Helsenorge

Kommunikasjon via Helsenorge

Helsestasjonane på Søre Sunnmøre er bland dei fyrste i landet til å ta i bruk sikker, digital kommunikasjon med innbyggarane via Helsenorge.

Her kan du både sende og motta meldingar, sjå og avbestille dine timeavtalar og motta varslingar via e-post og/eller SMS.

Her har vi samla meir informasjon om tenesta...

 

Slik kjem du inn på Helsenorge:

 

Frå datamaskin eller mobiltelefon

Logg deg på Helsenorge via ID-porten

 

Last ned Helsenorge-appen

Helsenorge-appen er tilgjengeleg for Android og Apple-einingar, og kan lastast ned her:

     

 

 

Du kan logge på appen med ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller personleg kode. Du trenger ikkje nytte ID-porten kvar gong du skal inn på tenesta.

 

KVA KAN VI HJELPE DEG MED?

Kva kan eg gjere via Helsenorge?

På Helsenorge kan du, på vegne av deg sjølv eller dine barn under 16 år:

  • Sende og ta i mot meldingar til/frå helsestasjons- og skulehelsetenesta, jordmor og helsestasjon for ungdom på ein trygg måte.
  • Sjå timeavtaler og avbestille desse.
  • Få varsel om planlagde timeavtaler på tekstmelding eller e-post
Korleis ser eg kven som er mi helsekontakt?

På framsida ser du kven som er helsekontaktene dine.

Om det gjeld eit barn under 16 år må du velje deira profil på Helsenorge for å finne helsekontaktene deira.

Korleis ser eg timeavtalane til barnet mitt?

For å sjå timeavtalane til barnet ditt må du logge deg på Helsenorge, og deretter velje barnet ditt i personvelgaren. Deretter veljer du Timeavtaler for å sjå planlagde timar. Herifrå kan du også be om å avbestille timen.

Ei rettleiing i PDF-format for korleis ein gjer dette er også tilgjengeleg (PDF, 2 MB).

Kva informasjon kan eg sende via Helsenorge?

Tenesta er sikker, som inneber at du faktisk kan sende oss det aller meste! Mellom anna kan du sende sensitive helseopplysningar dersom du har behov for det.

Tenesta støttar tekst, samt bilete og dokument i formata JPG/JPEG, PNG og PDF. Maksimalt storleik er 4BM per vedlegg.

Er denne tenesta sikker?

Meldingar du sender til oss via Helsenorge er sikre, og kan ikkje lesast av andre enn den som er definert som din helsekontakt i tenesta. I tillegg vil definerte systemansvarlege kunne lese og handsama meldinga dersom din helsekontakt ikkje er tilstades, til dømes ved kortare sjukefråvær eller ferie.

Tenesta fungerer slik at ingen sensitive opplysningar lagrast hjå Helsenorge, men berre i din elektroniske pasientjournal i kommunen. Helsenorge fungerer som eit vindauge inn til opplysningane i journalen din, og nyttar opplysningar frå folkeregisteret for å gi deg tilgang til informasjon om dine barn.

Same teknologi nyttast for tilsvarande tenester på Helsenorge for fastlegar og kommunale pleie- og omsorgstenester. Den er ei nasjonal fellesteneste som tilfredsstillar dei strenge krava i Normen, samt personvernlovgivinga inkl. GDPR. Bruken av tenesta er godkjend av personvernomboda i våre kommunar.

Når kan eg sende meldingar?

Helsenorge er alltid open, så du kan sende oss ei melding når det passar for deg. Når som helst, 24t. i døgnet, alle dagar i året.

Merk at vi berre svarar i normalt arbeidstid, kvardagar mellom kl. 8-16. Du får normalt svar på di melding i løpet av ein arbeidsdag.

Når får eg svar på mi melding?

Når du sender ei melding til oss via Helsenorge svarar vi normalt i løpet av ein arbeidsdag.

Vi svarar ikkje på meldingar i helger eller raude dagar.

Eg har fått varsel om at mi melding til helsestasjonen ikkje er levert. Kva gjer eg?

Normalt vil meldingar du sender til helsestasjonen frå Helsenorge vere synlege i helsestasjonen sin elektroniske pasientjournal i løpet av få minutt, og tenesta er normalt svært stabil. Men som med alle andre IT-løysingar kan problem oppstå!

Dersom meldinga di ikkje har blitt levert til helsestasjonen innan 72 timar vil du motta eit varsel på SMS og/eller e-post frå Helsenorge. Då er det viktig at du snarast mogleg tek kontakt med din helsestasjon på telefon og gir beskjed om problemet, både slik at våre IT-leverandørar kan sjå på saka og for å formidle ditt ærend munnleg.

Eg får ikkje varsel om nye meldingar eller timeavtaler frå Helsenorge. Kva kan eg gjere?

Helsenorge nyttar opplysningar om mobiltelefonnummer og e-post adresse frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til å sende deg varslingar via SMS og/eller e-post.

Logg deg på og endre dine kontakt- og reservasjonsopplysningar

På Helsenorge kan du velje å motta varslingar på din registrerte mobiltelefon og/eller e-post:

Steg 1:

Helsenorge innstillingar steg 1 - Klikk for stort bilete  

Steg 2:

Helsenorge innstillingar steg 2 - Klikk for stort bilete  

Steg 3:

Vel "Kontaktinformasjon", deretter "Hordan skal Helsenorge varsle deg?". Her kan du velje kva varsel du ønskjer å motta, og i kva kanal (SMS og/eller e-post)

Eg får ikkje tilgang til meldingar eller helsekontakter. Kva kan eg gjere?

For å nytte denne tenesta må du ha valt "Full" samtykke. Hugs at dersom det gjeld eit barn du har tilgang til er det barnet sine innstillingar du må endre! Dersom du ikkje ser helsekontakter eller får tilgang til meldinger kan du endre dette slik:

Steg 1:

Helsenorge innstillingar steg 1 - Klikk for stort bilete   

Steg 2:

Helsenorge innstillingar steg 2 - Klikk for stort bilete  

Steg 3:

Helsenorge innstillingar steg 3 - Klikk for stort bilete  

Ei rettleiing i korleis endre samtykkenivå er også tilgjengeleg som PDF (PDF, 460 kB).

Kvifor har eg ikkje lengre tilgang til barnet etter fylte 16 år?

Helserettsleg myndigheitsalder i Noreg er 16 år. Frå og med den datoen barnet ditt fyllar 16 år vil du ikkje lengre ha automatisk tilgang til barnet på Helsenorge.

Ungdomen kan sjølv logge seg på Helsenorge ved hjelp av ID-porten, og samhandle digitalt med skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom. Hugs at ein må ha Bank-ID, Buypass eller Commfides for å logge på løysinga. Bank-ID kan du bestille via din nettbank.

Dersom føresette framleis skal ha tilgang til å samhandle på vegne av barnet krev dette fullmakt frå ungdomen. Slik fullmakt kan ungdomen sjølv sette opp digitalt på Helsenorge. Her finn du meir informasjon om fullmakt.

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune logoHerøy kommune logoSande kommune logoUlstein kommune logoVolda kommune logoØrsta kommune logo

 

 

 

    Hareid             Herøy              Sande              Ulstein             Volda              Ørsta