Helsestasjonane på søre Sunnmøre har i lengre tid hatt eit samarbeid gjennom Sjustjerna, som omfattar kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Gjennom prosjektet "Digitalisering av helsestasjon- og skulehelsetenesta" vart dette løfta til eit nytt nivå frå hausten 2018.
Eit meir likeverdig tilbod i alle kommunane
Dei sju kommunane har i løpet av 2019 utvikla felles fagprosedyrar for alle basistenestane som tilbydast. Desse er i tråd med ny Nasjonal faglig retningslinje for det helsefremmende og forebyggende arbeidet i helsestasjon, skolehelsetjeneste og helsestasjon for ungdom.
Felles prosedyrar sikrar innbyggarane på søre Sunnmøre eit fagleg forsvarleg og meir likeverdig tilbod i helsestasjon- og skulehelsetenesta, uavhengig av kva kommune ein bur i.
Helsestasjonsportalen Søre Sunnmøre
Nettsidene du no er inne på er utvikla i samarbeid mellom dei sju kommunane for å vere ein informasjonskanal ut mot innbyggarane. Her skal du finne naudsynt informasjon om alle tenestane vi gir, samt svar på vanlege spørsmål, aktuelle brosjyrar og lenker til anna kvalitetssikra informasjon. Informasjonen er tilgjengelig på både norsk og engelsk, og brosjyrar er også publisert på dei mest nytta framandspråka i våre kommunar. Som eit supplement til vår eigen helsestasjonsportalen har vi også innleia eit samarbeid med Helseoversikt AS, som tilbyr ein app (iOS/Android) for gravide og småbarnsforeldre.
Digitale innbyggartenester
Prosjektet skal i perioden 2019-2020 innføre digitale løysingar for kontakt med helsestasjon- og skulehelsetenesta i dei sju kommunane. Det er lagt opp til at det skal etablerast ein SMS-teneste for enkel kontakt med helsestasjonen, til dømes for endring, bestilling eller avbestilling av time. I tillegg vil det kome ein sikker nettportal gjennom det nasjonale prosjektet DigiHelsestasjon, som mogleggjer deling av sensitiv informasjon med tenesta og legg til rette for eKonsultasjon ved kjende problemstillingar som ikkje gjer fysisk oppmøte på helsestasjonen naudsynt.
Sosiale media
Helsestasjonane i Sjustjerna satsar på bruk av sosiale media for å drive kontinuerlig helseopplysning. Alle helsestasjonane har ei eiga Facebook-side, der gravide og småbarnsforeldre kan få med seg nyttige tips i kvardagen. Vi publiserar innhald på Facebook ca. 4 ganger i veka. For ungdomen prøvar ein også ut Snapchat i kommunane Hareid, Volda og Ørsta. Her er hensikta, forutan helseopplysning, å senke terskelen for at ungdomen sjølv tek kontakt med skulehelsetenesta eller helsestasjon for ungdom dersom dei har behov for hjelp.
På Snapchat er det også opna for at ungdomen kan ta kontakt med helsesjukepleiar via chat. Merk at Snapchat berre er betjent i ordinær arbeidstid, måndag-fredag kl. 8-16. Helseopplysningar og andre sensitive personopplysningar må ikkje delast via Snapchat, men vi kan gi generelle råd og rettleiing. Lenker til våre kontoar på sosiale media finn du ved å klikke på din kommune, nedst på sida.