Herøy kommune

Herøy kommune logo

Helsestasjon- og skulehelseteneste

Herøy helsestasjon har kontor på Eggesbønes som er bemanna kvar dag. Vi gir tenester til barn og ungdom i alderen 0-20 år og deira føresette, samt gravide.

I tillegg til basistenestane tilbyr Herøy kommune foreldreførebuande kurs og foreldrerettleiing, både lokalt og i samarbeid med Ulstein kommune. Vi samarbeidar tett med PPT og barnevern, og tilbyr COS-p kurs til foreldre («circle of security»). Vi deltek også i tverrfagleg team, med mål om tidleg innsats for å oppdage og førebygge vanskar hos barn og unge i barnehage og skule.

Velkommen til oss ved Herøy helsestasjon!

 

Timebestilling:

Du kan kontakte helsestasjonen via Helsenorge. Ta kontakt når det passar for deg, og unngå telefonkø. Når du sender ei melding til oss via Helsenorge svarar vi normalt i løpet av ein arbeidsdag.

Du kan også laste ned Helsenorge appen til din mobiltelefon (iOS eller Android). Med appen kan du logge deg på enkelt med fingeravtrykk, ansiktsgjenkjenning eller personleg kode. Du treng då ikkje nytte ID-porten kvar gang du skal inn på tenesta.

 

Tenesta er sikker og gjer at du også kan sende oss sensitive opplysningar. Meldingar du sender til oss kjem rett inn i helsestasjonen sin elektroniske pasientjournal, og vert behandla her. Her finn du meir informasjon om tenesta.

Informasjon om kva tid vi er tilgjengeleg på den enkelte skule vert publisert med oppslag på skulane og ev. ranselpost til elevane.

Opningstider:

Måndag - fredag kl. 8-15

Telefon:

70 08 14 50

Helsestasjon for ungdom:

Måndagar kl. 14:30-16:30 på helsestasjonen på Eggesbønes.

Lege er tilstades kl. 15-16. 

Vi held i stengd i skuleferiar. Ved behov i ferier, ta kontakt med helsestasjonen på telefon for å avtale ein time.

Telefon: 48 86 54 74 (Kari Mette Runde Eide) / 941 67 880 (Kathrin Kvalsund Leine)

Postadresse:

Herøy kommune, Helsestasjonen, Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg.

Følg oss i sosiale media:

 

Herøy helsestasjon

 

 

Kva kan vi hjelpe deg med?

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Volda kommune

 

 

 

    Hareid              Herøy              Sande            Ulstein           Vanylven           Volda              Ørsta