Problem med SMS-påminning om time

Norsk Helsenett har for tida problem med SMS-tenesta si. Dersom du ikkje har motteke SMS-påminning dagen føre du eller dine barn har time på helsestasjonen er dette årsaka, og vi beklagar ulempa. Det jobbast med feilretting. 

Sande kommune

Sande kommune - Klikk for stort bileteHelsestasjon- og skulehelseteneste

Sande helsestasjon er lokalisert på Nygla, ved sidan av Sande legesenter. Vi gir tenester til barn og ungdom i alderen 0-20 år og deira føresette, samt gravide.

I tillegg til basistenestane tilbyr Sande kommune foreldrerettleiing, både lokalt og i samarbeid med Ulstein kommune. Vi deltek også i ressursgruppe for barn og unge.

 

Timebestilling:

Du kan kontakte helsestasjonen via Helsenorge. Ta kontakt når det passar for deg, og unngå telefonkø. Når du sender ei melding til oss via Helsenorge svarar vi normalt i løpet av ein arbeidsdag.

Du kan også laste ned Helsenorge appen til din mobiltelefon (iOS eller Android). Med appen kan du logge deg på enkelt med fingeravtrykk, ansiktsgjenkjenning eller personleg kode. Du treng då ikkje nytte ID-porten kvar gang du skal inn på tenesta.

Kontakt oss på Helsenorge - Klikk for stort bilete

Tenesta er sikker og gjer at du også kan sende oss sensitive opplysningar. Meldingar du sender til oss kjem rett inn i helsestasjonen sin elektroniske pasientjournal, og vert behandla her. Her finn du meir informasjon om tenesta.

Trefftid i skulehelsetenesta er slik:

  • Larsnes skule : kvar ons 9-14

  • Gursken skule : kvar tysdag 08.30-14

  • Kvamsøy skule : annankvar fredag 08.30- 12.30

 

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 9-15

Telefon:

70 02 67 60 / 70 02 67 62 eller 70 02 67 50 (legesenteret)

Helsestasjon for ungdom:

Tysdagar kl. 14-15

Om tidspunktet ikkje skulle passe, er ein også velkomen til å ta turen innom andre dagar. Ein kan elles kome innom på trefftidene i skulen, eller ringe helsestasjonen direkte på tlf. 70 02 67 60 / 70 02 67 62 for å avtale time.

Postadresse:

Sande helsestasjon, Prestegardsvegen 5, 6084 Larsnes.

Følg oss i sosiale media:

Sande helsestasjon

 

Kva kan vi hjelpe deg med?

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Herøy kommune - Klikk for stort bileteSande kommune - Klikk for stort bileteUlstein kommune - Klikk for stort bileteVanylven kommune - Klikk for stort bileteVolda kommune - Klikk for stort bilete Ørsta kommune - Klikk for stort bilete

 

 

 

    Hareid              Herøy              Sande            Ulstein           Vanylven           Volda              Ørsta