Informasjon til pasient ved bruk av videokonsultasjon med helsepersonell

Informasjon til pasient ved bruk av videokonsultasjon med helsepersonell

Fleire av våre kommunar tek no i bruk videokonsultasjonar. Dette kan vere eit alternativ til fysisk konsultasjon, telefonsamtale eller tekstleg konsultasjon med helsepersonell. Video kan vere godt eigna til oppfølging av pasienter for å redusere fysisk frammøte under koronapandemien.

Slik fungerer det

Kommunane i Sjustjerna nyttar Confrere til videokonsultasjonar. Dette er ei norskutvikla løysing som tilfredsstiller strenge nasjonale sikkerheitskrav og er godkjend av personvernomboda i kommunane.

Der det er aktuelt å nytte videokonsultasjon vil du bli kontakta av helsepersonell med spørsmål om dette er eit tilbod du ønsker å nyttegjere deg av. Dersom du samtykkar vil du få tilsendt ei lenke og informasjon via SMS eller e-post i forkant av din videokonsultasjon.

For å nytte videokonsultasjon treng du:

  • PC, mobiltelefon eller nettbrett utstyrt med webkamera og mikrofon
  • Hovudtelefonar (eventuelt høgtalar, men då bør du sitte ein stad der ingen kan høyre deg)
  • Tilgang til internett

Det er krav om sikker identifisering av deg som pasient i samband med videokonsultasjon. For å gjere dette må du logge deg på løysinga ved hjelp av BankID. Har du ikkje BankID kan du heller ikkje nytte videokonsultasjon. BankID er tilgjengleg frå ein er 13 år, men bankane praktiserar ulike aldersgrenser for dette. Ta kontakt med din bank for å bestille BankID.

Dersom konsultasjonen gjeld barn under 16 år, til dømes for helsestasjon, kan føresette samtykke på vegne av pasienten. Det er då føresette som identifiserar seg med BankID og loggar seg på for konsultasjonen.

Dette bør du tenke på før konsultasjonen:

  • Sjekke at PC / mobilt utstyr har tilgang til internett, og er tilknytta eit sikkert nettverk. Ikkje nytt opne nettverk på flyplassar eller annan offentleg stad til videokonsultasjon.
  • Trykke på invitasjonen du har fått fra helsepersonellet via SMS eller e-post
  • Sørg for at du sitt slik at sensitive helseopplysningar om deg ikkje kan overhøyrast av andre du ikke vil skal overhøyre samtalen. Vi er klar over at situasjoner med karantene eller isolering saman med andre kan gjere det vanskeleg å få til dette.

Personvern

Det er frivillig for deg som pasient å delta i ein videokonsultasjon. Når du deltek samtykker du til å motta helsehjelp, akkurat som ved ein fysisk konsultasjon. Leverandør av videoløysinga har berre tilgang til din e-postadresse, telefonnummer og personnummer etter autentisering med BankID. I tillegg loggar leverandør starttidspunkt og varigheit for videosamtalen. Alle desse opplysningane vert automatisk sletta etter 1 månad. Du har rett til å krevje personopplysningar leverandøren har lagra om deg retta, sletta eller utlevert. For informasjon om korleis du gjer dette, sjå sidene til vår leverandør. Sjølve videosamtalen er kryptert og blir ikkje lagra - verken på internett, eller på servere.

Relevant helseinformasjon blir journalført av helsepersonell på lik linje som om samtalen skulle gå føre seg ansikt til ansikt eller per telefon. På same måte som ved fysisk oppmøte, vil helsepersonellova sine reglar om teieplikt vere styrande for sjølve samtalen og behandling av informasjon som kjem fram under samtalen. Relevante og nødvendige helseopplysningar skal journalførast i elektronisk pasientjournal.

Dersom du har spørsmål om eller treng hjelp til å utøve dine personvernrettar kan du kontakte personvernkontakt eller ombod i din kommune via e-post eller telefon. Du har som utgangspunkt krav på svar utan ugrunna opphold, og seinast innan 30 dagar:

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune logoHerøy kommune logoSande kommune logoUlstein kommune logoVolda kommune logoØrsta kommune logo

 

 

 

    Hareid             Herøy              Sande              Ulstein             Volda              Ørsta