Teieplikt, personvern og regelverk

Teieplikt, personvern og regelverk

"Kvar går grensa for teieplikta til dei tilsette i helsestasjon- og skulehelsetenesta?"

"Kva kan foreldra mine få vite?"

"Oppbevarast min journal på ein trygg måte?"

Her finn du ei orientering om teieplikt og personvern i tenestene, samt informasjon om kva regelverk som gjeld.

 

Helsepersonell har teieplikt

For at helsepersonell skal kunne gi deg den hjelpa du treng må du dele personleg informasjon med oss. Då er det avgjerande at du har tillit til at opplysningar om sjukdom, behandling eller personlege forhold ikkje kjem på avvege.

Helsepersonell er pålagt streng teieplikt gjennom helsepersonellova. Det inneber at vi:

  • Har plikt til å teie og til å aktivt hindre at uvedkommande får tilgang til helseinformasjonen din.
  • Er bunden av teieplikta for alle opplysningar vi har fått i eigenskap av å vere helsepersonell.
  • Er bunden av teieplikta også etter at vi har slutta i jobben.
  • Ikkje har lov til å gjere oppslag i din journal utan at det er grunna i helsehjelp til deg eller administrasjon av helsehjelp (t.d. timetildeling).

 

Unntak frå teieplikta

Teieplikta har nokre få unntak. Hovudregelen er at du sjølv må gi ditt samtykke dersom teieplikta skal opphevast. I enkelte tilfelle har helsepersonell meldeplikt til andre offentlege tenester, som går føre teieplikta.

Teieplikta opphevast i desse tilfella:

  • Når du sjølv gir ditt samtykke til å heilt eller delvis frita oss frå teieplikta.
  • Dersom det er naudsynt for å gi deg forsvarleg helsehjelp kan vi dele din helseinformasjon med anna helsepersonell, som då også har teieplikt.
  • Dersom det grunn til å tru at eit barn vert utsett for mishandling eller anna omsorgssvikt i heimen, eller eit barn har vist vedvarande og alvorlege åtferdsvanskar, skal vi melde dette til barnevernet.
  • Dersom det er grunn til å tru at ei gravid kvinne misbrukar rusmidlar på ein slik måte at det er sannsynleg at barnet vil bli fødd med skade, skal dette meldast til helse- og omsorgstenesta.
  • Dersom det er naudsynt for å avverje alvorleg skade på deg sjølv, ein anna person eller eigedom skal vi melde frå til politi eller brannvesen.

 

Kva får foreldra mine vite?

Helserettsleg myndigheitsalder i Noreg er 16 år. Det betyr at som hovudregel vil foreldra dine eller den som har foreldreansvaret verte informert om din helsetilstand og kva helsehjelp du får, og har rett til innsyn i din journal, når du er yngre enn 16 år. Det er nokre unntak frå denne regelen:

  • Er du mellom 12-16 år vert det av grunnar som bør respekterast, ikkje gitt informasjon til foreldra dine utan at du sjølv ønsker det.
  • Informasjon til foreldra vert ikkje gitt, uansett alder, dersom tungtvegande omsyn til deg som pasient talar mot det.
  • Er du mellom 16-18 år skal berre opplysningar som er naudsynte for å ivareta foreldreansvaret gjevast. Vi skal orientere deg om kva informasjon vi gir til foreldra dine.

Dette er regulert av pasient- og brukarrettigheitslova.

 

Brot på teieplikta

Dersom du meiner at helsepersonell har brote teieplikta kan du melde dette til Statsforvaltaren. Dersom statsforvaltaren meiner at det føreligg alvorleg brot på teieplikta kan saka oversendast Statens Helsetilsyn. Då kan politietterforskning også verte aktuelt.

Brot på teieplikta har ei strafferamme på fengsel inntil 1 år, og kan også medføre konsekvensar som bøter, tilbakekalling av autorisasjon som helsepersonell eller åtvaring frå Statens Helsetilsyn. Grove brot på teieplikta straffast med fengsel inntil 3 år.

 

Kva vert skrive i min journal, og korleis oppbevarast den?

Helsepersonell har dokumentasjonsplikt. Det inneber at alle relevante helse- og personopplysningar om deg vert skrive inn i din journal. Dette er regulert gjennom forskrift om pasientjournal.

Helsestasjonane nyttar elektronisk pasientjournal, altså er din journal digital og lagrast i ein sikker database. Elektronisk pasientjournal er underlagt svært strenge krav til sikkerheit, beskriven i «Normen». I tillegg gjeld personopplysningslova, inkludert den nye personvernforordninga (GDPR), også for helsestasjon- og skulehelsetenesta. Saman med teieplikta gir disse krava deg som pasient best mogleg vern mot at dine helse- og personopplysningar kjem på avvege.

 

Innsyn i journal

Du har sjølv rett til innsyn i din journal, og i dei fleste tilfelle rett til innsyn i journalen til barn under 16 år. Du har også rett til kopi av desse opplysningane. Ved utskrift/innsyn i journal vert du tilbydd gjennomlesing saman med ein fagperson. Ta kontakt med helsestasjonen i din kommune dersom du ønsker innsyn i journal.

 

Retting og sletting i journal

Du kan be om at helsestasjonen rettar opplysningar i din journal som er ufullstendige eller uriktige. Helsepersonell har også ei sjølvstendig plikt til å rette feil som dei oppdagar. Retting skal skje ved at journalen førast på nytt, eller at ein datert rettelse tilføyast i journalen. Retting skal ikkje skje ved at opplysningar i journalen slettast.

For å slette opplysningar i journal er det strenge krav, der helsepersonellova overstyrer personvernlovgivinga. Du kan be om at opplysningar i din journal slettast, men eit slikt ønske blir berre teken til følge dersom opplysningane er feilaktige eller misvisande og kjennast belastande for deg som person, eller dersom dei openbart ikkje er nødvendige for å gi deg helsehjelp. Samstundes må ei sletting ikkje vere i strid med arkivlova. Avslag på krav om sletting kan klagast inn for Statsforvaltaren.

Ta kontakt med din helsestasjon dersom du ønsker at opplysningar i din journal vert retta eller sletta.

 

Registrering av vaksiner

Det nasjonale vaksinasjonsregisteret, SYSVAK, skal til ein kvar tid ha oversikt over vaksinasjonsdekninga i Noreg. Helsestasjon- og skulehelsetenesta har plikt til å registrere vaksiner som gjevast i dette registeret. Dette skjer elektronisk.

Det er ikkje høve til å reservere seg mot registrering i SYSVAK for vaksiner omfatta av barnevaksinasjonsprogrammet, opphentingsprogam knytt til dette, influensavaksinering eller vaksinasjon mot covid-19. Ut over dette må du samtykke til registrering av vaksiner i SYSVAK.

Opplysningar om kva vaksiner du er registrert med i SYSVAK finn du ved å logge på Mine Vaksiner hos Helsenorge.no.

 

Barn sin rett til helsekontroll

Pasient- og brukarrettigheitslova slår fast at barn har rett til helsekontroll i den kommunen barnet bur eller midlertidig oppheld seg. Foreldra plikter å medverke til at barnet deltek i helsekontroll.

Viss du som forelder gjentekne gonger unndreg barnet frå helsekontroll, utan gyldig grunn, vil dette bli vurdert meldt til barnevernet.

 

Flytting

Dersom du og/eller dine barn skal flytte ut av kommunen du bur i må du hugse å gi beskjed til din helsestasjon om flyttinga. Etter samtykke frå føresette vert då alle aktive journalar tilhøyrande deg og dine barn overført til helsestasjon- og skulehelsetenesta i den kommunen du flyttar til. Dette for å sikre ei fagleg forsvarleg oppfylging også i den nye kommunen.

Flytting av journal er gratis. Det er mogleg å reservere seg mot flytting av journal. Ta kontakt med helsestasjonen i din kommune dersom du har spørsmål.

 

Klage på tenesta?

Dersom du ikkje er fornøgd med tenestetilbodet, så kan du sende skriftleg klage til din kommune. 

Om du meiner du ikkje har fått fagleg forsvarleg hjelp på helsestasjonen, kan du klage direkte til fylkeslegen.

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune logoHerøy kommune logoSande kommune logoUlstein kommune logoVolda kommune logoØrsta kommune logo

 

 

 

    Hareid             Herøy              Sande              Ulstein             Volda              Ørsta