Vi minnar om at både foreldre og barn skal vere friske når dei møter på helsestasjonen.
Dette gjeld også nyleg oppståtte, lette luftvegssymptom, som sår hals, hoste og rennande nase - sjølv om du elles kjenner deg frisk og ikkje har feber!
Har du eller barnet symptom på sjukdom, eller er i karantene, skal du snarast mogleg ta kontakt med oss for å avlyse timen.
Barn med restsymptom som kan knytas til en gjennomgått infeksjon, og som ikkje er oppstått nyleg eller er aukande, kan komme til helsestasjonen når allmenntilstanden er god eller tilbake til normalt for dette barnet.