Turning in to teens (TINT)

Foreldrekurs

Turning in to teens (TINT)

Kommunepsykolog Stine og familieterapeut Solveig held kurs. Tuning in to teens er eit foreldrerettleiingsprogram for deg med barn mellom 10-18 år. Det vert fokus på å styrke det emosjonelle bandet mellom foreldre og tenåringen, i tillegg til å auke både emosjonell forståing og kompetanse.

Tre tenåringsjenter som held rundt kvarandre og ler, medan dei går og tek ein selfie - Klikk for stort bilete Priscilla Du Preez

Gjennom programmet vil ein bygge ferdigheiter innan emosjonsrettleiing, som handlar om å anerkjenne, forstå og handtere eigne og tenåringen sine følelsar. Ein tenåring som blir møtt med slik emosjonell forståing, vil også sjølv oppnå nye emosjonelle ferdigheiter, kompetanse og vere betre rusta til å handtere opp- og nedturar i livet. 

Tuning in to Teens™ er gruppebasert med møter ein gang i veka over 6 veker.

Påmelding til stine.erica.hoydalsvik@orsta.kommune.no

Kurset i haust er fullt, men du kan stå på venteliste dersom nokon trekk seg - eller sikre deg plass til vårens kurs. 

Artikkelliste

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune Herøy kommune Sande kommune Ulstein kommune Volda kommune Ørsta kommune
     Hareid          Herøy            Sande          Ulstein            Volda            Ørsta