Vaksenvaksinasjon

Vaksenvaksinasjon

Vaksineprogrammet for vaksne er eit tilbod til innbyggjarane i kommunane om vaksine mot korona og influensa til alle som er 65 år og eldre, i tillegg til barn og vaksne i risikogrupper. 65-åringar får dessutan tilbod om vaksine mot pneumokokksjukdom.

Målet med vaksineprogrammet er å førebyggje sjukdom og dødsfall. Det vil bli sendt ut påminningar via Helsenorge til personar over 65 år som ikkje har nytta seg av vaksinetilbodet.  Det er eigenandel å betale for desse vaksinane. Normalt får ein korona- og influensavaksine samstundes.

Vaksinasjon etter vaksenvaksinasjonsprogrammet gjennomførast kvar haust. Nøyaktig tidspunkt varierer. For oppdatert informasjon og annonsering av vaksinering, følg med i lokale media eller sjå heimesidene til din kommune:

 

KVA KAN VI HJELPE DEG MED?
Kva vaksiner inngår i vaksenvaksinasjonsprogrammet?

Per 1. juni 2025 inngår følgjande vaksinar i vaksineprogrammet for vaksne:

  • Årleg vaksine mot sesonginfluensa til personar som har fylt eller fyller 65 år i løpet av året, og til yngre risikogrupper.
  • Årleg vaksine mot covid-19 til personar som har fylt eller fyller 65 år i løpet av året, og til yngre risikogrupper.
  • Vaksine mot pneumokokk til personar fødde i 1960 eller seinare frå det kalenderåret dei fyller 65 år. 

Folkehelseinstituttet definerer risikogruppene.

Du kan lese meir om dette vaksineprogrammet hjå Folkehelseinstituttet.

Kven bør ta influensavaksine?

Influensavaksine anbefalast spesielt for: 

  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Prematurt fødte barn, særlig barn født før uke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom, hjerte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar
    • svært alvorleg overvekt (KMI over 40)
    • annen alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg anbefalast influensavaksine til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt.
  • Husstandskontaktar til immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.

Når og kvar kan eg få influensavaksine?

Vaksine mot sesonginfluensa er ulik frå år til år og vert normalt tilgjengeleg på hausten. Nøyaktig tidspunkt varierer. For oppdatert informasjon og annonsering av vaksinering, følg med i lokale media, på Folkehelseinstituttet sine nettsider eller sjå heimesidene til din kommune:

Influensavaksine kan du få hos din fastlege, på annonserte vaksinasjonsdagar i regi av helsestasjonen eller på enkelte apotek. Vaksinering hos fastlege krev normalt timebestilling, kontakt ditt legekontor for nærmare informasjon og timeavtale.

Når og kvar får eg vaksinen mot koronavirus?

Vaksinasjon mot koronavirus er, som alle andre vaksiner i Noreg, frivillig å ta. Du kan lese meir om vaksenvaksinasjonsprogrammet hjå Folkehelseinstituttet.

Det er kommunane som har ansvar for å gi vaksinen etterkvart som den vert tilgjengeleg. Vaksinasjon skjer i regi av helsestasjonen for alle kommunane unnateken Sande. Her er det legesenteret som vaksinerer. For oppdatert informasjon, sjå heimesidene til din kommune:

Kven bør ta pneumokokkvaksine mot lungebetennelse?

Alle over 65 år, eller dei som har ein sjukdom eller tilstand som gjer at dei har høgare risiko for å få alvorleg pneumokokksjukdom, er tilrådd å ta pneumokokkvaksine.

Denne vaksinen bør takast kvart 6. år. Du finn meir informasjon om pneumokokkvaksine hjå Folkehelseinstituttet.

Kva vaksiner har eg eller mine barn fått?

Alle vaksiner som vert gitt i Noreg skal registrerast i det nasjonale vaksinasjonsregisteret, SYSVAK. På Helsenorge.no - Mine Vaksiner kan du logge deg på for å sjå status på dine eigne vaksiner, samt vaksiner gitt til dine barn som er under 16 år. Her finn du:

  • All vaksiner gitt gjennom barnevaksinasjonsprogrammet sidan 1995
  • Reisevaksiner og andre vaksiner, til dømes influensavaksine, gitt sidan 2011

Sidan helserettsleg myndigheitsalder i Noreg er 16 år, har ikkje foreldre tilgang til barna sin vaksinasjonsstatus etter deira 16-årsdag. Buypass ID tilbydast frå fylte 13 år frå og med våren 2018.

Dersom du er mellom 16 og 18 år, kan du utan Buypass ID bestille vaksinasjonskort direkte frå Folkehelseinstituttet. 

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune Herøy kommune Sande kommune Ulstein kommune Volda kommune Ørsta kommune
     Hareid          Herøy            Sande          Ulstein            Volda            Ørsta