Foreldrerettleiing

Foreldrerettleiing

Foreldrerettleiing tek sikte på å støtte foreldra i å meistre si rolle og samspel med barnet. 

I samarbeid med de som foreldre finn vi ut kva tilbod som er best egna for dykkar situasjon. Foreldrerettleiing kan vere aktuelt i alle aldersgrupper og i ei rekke situasjoner.

Tenesta er gratis.

Døme på situasjonar der foreldrettleiing kan vere til hjelp er:

  • Barn med utfordrande åtferd eller skeivutvikling
  • Problem med tilknyting, samspel eller kommunikasjon mellom foreldre og barn
  • Utfordringar i barnehage eller skule
  • Konfliktar mellom dei vaksne

Vi gir tilbod om foreldrerettleiing basert på PMTO (Parent Management Training Oregon), både lokalt og i samarbeid med Ulstein kommune. Vi har også tilbod om årlege gruppekurs i Tryggleiksirkelen (Circle of security parenting, COS-P).

Foreldrerettleiing kan gjennomførast individuelt eller i gruppe.

For meir informasjon, kontakt Sande helsestasjon på telefon 957 80 270 eller 480 23 181.

Kva er PMTO og kva passar det til?

PMTO står for "Parent Management Training Oregon", og rettar seg hovudsakeleg mot foreldre som har barn i alderen 3-12 år med utfordrande åtferd. 

  • PMTO har fokus på samspelsmønster som fremjar samarbeid og positiv utvikling mellom foreldre og barn
  • PMTO har fokus på å bygge gode relasjonar mellom barn og foreldre.
  • Tema vi jobbar med er positiv involvering, samarbeidsfremjande kommunikasjon, ros og oppmuntring, grensesetjing, problemløysing og tilsyn.

Når du som forelder strevar med barnet ditt, og samspelet er prega av mas, aggresjon, konflikter og at barnet ikkje høyrer etter. Daglege situasjonar som påkledning, tannpuss, måltid, å stå opp, legging og lekser kan vere eksempel på situasjonar der det oppstår problem der det dannar seg eit mønster som kan opplevast som vanskeleg. Før problema blir fastlåste er det viktig å tilby hjelp på eit så tidleg tidspunkt som mogleg og ein PMTO-terapeut kan vere til god hjelp.

  • PMTO rådgjeving:
    Dette er eit tilbod der foreldre og rådgjevar har 4-7 møter á 1 time per veke. PMTO-rådgjevning gjennomførast lokalt i Sande.
     
  • PMTO terapi:
    Dette er eit tilbod der terapeuten samarbeider med foreldre om å skape ein forutsigbar kvardag for barn. Foreldre blir trent i å meistre kvardagskonflikter og til å skape positive samhandlingsmønstre. Foreldre og terapeut har 20-30 møter á 1 time per veke. PMTO-terapi gjennomførast i Ulsteinvik, etter tilvising frå Sande helsestasjon.

Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge har meir informasjon om PMTO.

Kva er Tryggleikssirkelen og kva passar det til?

Tryggleiksirkelen er ein modell som kan hjelpe deg å sjå og forstå barnet sitt behov og følelsar.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete

Som foreldre kan vi alle til tider føle oss opprådde og ikkje vite korleis vi skal handtere og forstå barnet vårt.

Vi ønsker å gi foreldre eit verktøy som kan vere til hjelp i kvardagen med borna. Eit «vegkart» som gir retning. Kurset handlar både om det å kunne sjå barnet innanfrå og seg sjøl utanfrå og kva signal borna og foreldre sender til kvarandre. Programmet bygger på forskningbasert kunnskap om korleis foreldre-barn-relasjonar kan støttast og styrkast.

På kurset får du hjelp til:

  • Å forstå barnet ditt
  • Korleis hjelpe barnet med følelsar
  • Korleis bygge barnet sin sjølvfølelse som deira grunnmur
  • Korleis handtere situasjonar der barnet oppfører seg utfordrande
  • Korleis takle eigen frustrasjon i møte med barnet
  • Korleis finne balansen mellom det å være tydelig, men samtidig god, i krevjande situasjonar med barnet   

 

Kven kan delta på kurset?

Kurset er anbefalt til alle foreldre. Du treng ikkje oppleve at foreldrerolla er vanskelig, eller at ditt barn har behov for noko spesielt. Tilbudet er til deg som ønsker å hjelpe barnet ditt til å få ei trygg tilknytning.

Kurset er gratis og går over 7 samlingar à 1,5 time kvar gong. Kurset vert halde av personell som er sertifiserte rettleiarar i Tryggleiksirkelen (COS-P)

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune Herøy kommune Sande kommune Ulstein kommune Volda kommune Ørsta kommune
     Hareid          Herøy            Sande          Ulstein            Volda            Ørsta