Ressursgruppe for barn og unge
For å sikre eit heilskapleg tenestetilbod, har Sande kommune ei ressursgruppe for barn og unge.
Ressursgruppa skal støtte tenester og ansvarsgrupper i vurdering av samansette og kompliserte saker, og er eit rådgjevande organ.
Tenesta er gratis.
Ressursgruppa skal bidra til utvikling og samordning av det tverrfaglege arbeidet rundt born og unge i kommunen.
Barn, unge og deira foreldre som har behov for fleire tenester samtidig, kan sjølv be om at saka blir tatt opp i ressursgruppa.Det same kan andre kommunale tenester og ansvarsgrupper.
Sjå brosjyra om ressursgruppa for meir informasjon: Ressursgruppe for barn og unge i Sande (PDF, 392 kB)
KVA KAN VI HJELPE DEG MED?
Kven kan ta kontakt?
- Kommunale tenester
- Ansvarsgrupper
- Andre som arbeider med barn og unge og som treng hjelp i vurderinga av utfordrande saker.
- Barn, unge og deira foreldre som har behov for fleire tenester samtidig, kan be om at saka blir tatt opp i ressursgruppa.
Kva kan du forvente?
- At den aktuelle saka vert tverrfagleg drøfta i møte.
- Saka vil bli drøfta dersom samtykke frå foreldre/føresette er gitt.
- Det skal i møtet lagast ein plan for vidare oppfølging og ansvarsfordeling.
- Etter møte skal alle ha ei klar forståing for kven som har ansvar for dei ulike delane i saka.
- Dei som tek saka til drøfting, tek ansvar for tilbakemelding til den/dei aktuelle.
- Teieplikta vert respektert.
Kva forventar vi?
- Tiltak skal vere prøvd løyst på lavast mogleg nivå.
- Saka skal vere best mogleg kartlagt på førehand.
- Alle involverte skal vere orientert om at saka blir tatt opp i ressursgruppa.
Kva tenester sitt i ressursgruppa?
Ressursgruppa består av representantar som alle har eit ansvar for barn og unge i kommunen:
- Helsestasjon/skulehelseteneste
- Helsestasjonslege
- Pedagogisk-psykologisk teneste
- Barnevernstenesta
- Representant frå barnehage
- Representant frå skule
- Oppvekst- og kultur
- Fysioterapeut
- Bu- og habilitering
- Koordinerande eining/Tenestekoordinering
Publisert 27.03.2019 12:40