Barnevaksinasjon

Barnevaksinasjon

I Noreg er all vaksinasjon frivillig.

Det anbefalte vaksinasjonsprogrammet for barn og ungdom i Noreg omfattar vaksiner mot ei rekkje ulike sjukdomar. Alle desse sjukdomane kan vere livstrugande eller gi alvorlege følgjetilstandar.

Vaksinasjonen startar vanlegvis når barnet er 6 veker gamalt. Sidan fleire av sjukdomane det vaksinerast mot rammer dei yngste barna hardast, bør ein unngå forseinkingar. Oppfriskingsdosar vert gitt i skulealder.

Alle vaksiner i barnevaksinasjonsprogrammet er gratis.
 

KVA KAN VI HJELPE DEG MED?

Kva vaksiner inneheld programmet og når vert disse gitt?

Du finn ei oversikt over barnevaksinasjonsprogrammet, samt meir informasjon om den einskilde vaksine, hos Folkehelseinstituttet.

Kvifor er det viktig å vaksinere?

Det finst infeksjonar som kan forårsake alvorleg skade og i verste fall død hos den som vert smitta. Hensikta med vaksinasjon er å oppnå beskyttelse mot sjukdom utan risikoen det inneber å gjennomgå sjukdomen.

Når dei aller fleste i befolkninga er vaksinert mot ein sjukdom vert det få personar att som er mottakelege for smitte. Ved at dei aller fleste i befolkninga er vaksinert mot ein sjukdom, er dei også med på å beskytte dei minste barna som er for unge til å få vaksine, og personar med spesielle sjukdomar som gjer at dei ikkje kan vaksinerast. Dette vert kalla "flokkbeskyttelse".

Du finn meir informasjon om kvifor man bør vaksinere seg hos Folkehelseinstituttet.

Kva skjer før vaksinasjon?

Før vaksinasjonen vil helsesjukepleiar spørje om barnet er friskt og om det  har hatt reaksjonar etter tidlegere vaksiner. Dei fleste barn får liten eller ingen reaksjon etter vaksinering. Du finn meir informasjon om vanlege biverknadar lengre ned på denne sida.

Folkehelseinstituttet har meir informasjon om kva som er viktig før og etter vaksinering

Kva vaksiner har eg eller mine barn fått?

Alle vaksiner som vert gitt i Noreg skal registrerast i det nasjonale vaksinasjonsregisteret, SYSVAK. På Helsenorge.no - Mine Vaksiner kan du logge deg på for å sjå status på dine eigne vaksiner, samt vaksiner gitt til dine barn som er under 16 år. Her finn du:

  • All vaksiner gitt gjennom barnevaksinasjonsprogrammet sidan 1995
  • Reisevaksiner og andre vaksiner, til dømes influensavaksine, gitt sidan 2011

Sidan helserettsleg myndigheitsalder i Noreg er 16 år, har ikkje foreldre tilgang til barna sin vaksinasjonsstatus etter deira 16-årsdag. Buypass ID tilbydast frå fylte 13 år frå og med våren 2018.

Dersom du er mellom 16 og 18 år, kan du utan Buypass ID bestille vaksinasjonskort direkte frå Folkehelseinstituttet. 

Kva biverknader har dei ulike vaksinane?

Dette er dei vanlegaste reaksjonane etter ei vaksine:

  • Raudheit, hevelse og smerter på stikkstaden oppstår frå tid til annan etter alle vaksiner og kan vare i nokre dagar.
  • Lett feber, uro, gråt, søvnig, utilpass eller manglande matlyst i 1–2 døgn dei første dagane etter vaksinasjon skjer hos opptil 1 av 10 barn etter vaksinasjon. Feber over 39,5 ˚C er uvanleg.
  • Hos småbarn kan raskt stigande feber føre til feberkrampar. Feberkrampar er i seg sjølv ufarleg, men kan opplevast som dramatisk. Lege bør verte kontakta for å ekskludere annan akutt sjukdom.
  • Bleik, uvel eller at man svimer av etter vaksinasjon er vanlegare hos store barn enn hos spedbarn. Dette skuldast nesten alltid at barnet reagerer på stikket/smertene eller situasjonen.
  • Allergisk reaksjon på vaksiner kan skje i sjeldne tilfelle. Dei farligaste allergiske reaksjonane kjem raskt etter vaksinasjon. Difor skal barnet vente på helsestasjonen i minst 20 minutt etter vaksinasjonen

Meir informasjon om biverknadar frå den einskilde vaksine finn du hos Folkehelseinsituttet. Klikk på den vaksinen du ynskjer meir informasjon om.

Er det kvikksølv i vaksinane?

Nei. Etter 1997 har det ikkje vore kvikksølvforbindelsar (thiomersal) i vaksinane som brukast til barnevaksinasjon i Noreg. Dette vart tidlegare nytta som konserveringsmiddel og bakteriehemmande middel i ei rekkje vaksiner.

Korleis kan eg reservere meg eller mine barn mot vaksinasjon?

All vaksinasjon i Noreg er frivillig, og det er mogleg å reservere seg mot dette. Foreldre kan også reservere barn under 16 år frå å motta vaksiner i barnevaksinasjonsprogrammet. Ta kontakt med helsestasjonen i din kommune for meir informasjon.

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune Herøy kommune Sande kommune Ulstein kommune Volda kommune Ørsta kommune
     Hareid          Herøy            Sande          Ulstein            Volda            Ørsta