Reisevaksinasjon

Reisevaksinasjon

Skal du reise til utlandet kan det vere lurt å oppfriske vaksinane mot polio, stivkrampe, difteri og kikhoste. Desse bør uansett oppfriskast kvart tiande år. Avhengig av kvar du skal reise kan det også vere eit krav om, eller anbefalt med andre vaksiner, til dømes mot gulfeber eller hjernehinnebetennelse.

Reisevaksinasjon er ei teneste du må betale for.

Reisevaksinasjon vert tilbode av helsestasjonane i kommunane:

Ta kontakt med helsestasjonen for å bestille time.

Bur du i kommunane Ulstein eller Hareid anbefalar vi å ta kontakt med fastlege for reisevaksinasjon:

Innbyggarar i Herøy, Sande, Vanylven og Volda kommune må ta kontakt med eit privat vaksinasjonskontor for reisevaksiner.

Dei nærmaste private vaksinasjonskontora er Medi3 i UlsteinvikNordvestklinikk i Ulsteinvik og Fosnavåg Helsehus. Private vaksinasjonskontor kan fritt nyttast av alle, uansett kva kommune du bur i.

 

Kva vaksiner bør eg ta før eg reiser til utlandet?

Det anbefalast ei oppfrisking av vaksina mot polio, stivkrampe, kikhoste og difteri kvart tiande år. Er det meir enn 10 år sidan sist bør du uansett få ei ny dose av denne for å oppretthalde immunitet i samfunnet.

Ut over dette avhenger anbefalte vaksiner av kva land du skal reise til. For innreise til nokre land er det også eit krav om spesifikke vaksiner for å få komme inn. Du finn meir informasjon hos Folkehelseinstituttet.

Bør eg vaksinere meg mot rabies?

Rabies er ein svært alvorleg virusinfeksjon som finnast i meir enn 150 land i verda. Smitta overførast med spytt via bitt frå dyr, og risikoen for å få rabies er stor dersom ein vert biten av eit smitta dyr. Sjukdomen er dødeleg dersom ein ikkje får behandling raskt, og før symptom oppstår.

Den vanlegaste smittekjelda er hundar, og det anbefalast difor å unngå kontakt med framande hundar på reise i utlandet.

Dersom du skal reise til eit land med høg risiko for rabiessmitte anbefalast det å ta rabiesvaksine, særleg dersom du skal opphalde deg der i lengre tid eller reise i områder der medisinsk behandling ikkje er raskt tilgjengeleg. Høgrisikoland omfattar mesteparten av Asia og Afrika.

Dersom du vert biten av hund eller eit anna pattedyr i eit område der det finnast rabies bør du vaske såret svært godt med såpe og vatn i minst 15 minutt, og deretter ta kontakt med lege så raskt som mogleg. Tidleg behandling, før symptom oppstår, er livreddande. Dette gjeld også dersom du er vaksinert mot rabies.

Rabiesvaksine kan også vere aktuelt som yrkesvaksinasjon. Du finn meir informasjon hos Folkehelseinstituttet.

Når må eg ta reisevaksinane eg treng?

For dei fleste vaksinane tar det minst 1-2 veker før du er beskytta, og nokre må gjevast to eller fleire gonger for å få full verknad. For å få optimal effekt av vaksinasjon, bør ein difor starte i god tid før avreise. Det kan også vere noko ventetid på reisevaksiner, så vi oppmodar om å bestille time så snart du veit at du skal ut å reise.

Kva koster reisevaksiner?

Reisevaksinasjon er ein teneste du må betale for. Dette inneber ein fast takst for konsultasjonen, og betaling for det kvar enkelt vaksine koster.

Prisane varierer frå kommune til kommune, og mellom private vaksinasjonskontor. Ta kontakt med din helsestasjon, fastlege eller nærmaste private vaksinasjonskontor for eit kostnadsoverslag.

Kva helseopplysningar må eg oppgje før reisevaksinasjon?

Før reisevaksinasjon vil helsepersonell spørje deg om følgande:

  • Har du hatt reaksjonar etter tidligare vaksiner? 
  • Har du tidligare hatt nokon alvorlig allergisk reaksjon på legemidlar eller anna? 
  • Har du kronisk sjukdom? Spesielt viktig er det å få vite om sjukdom som påverkar immunforsvaret. 
  • Bruker du medisinar? Spesielt kortisonpreparat eller andre medikament som dempar immunforsvaret. 
  • Er du gravid eller planlegg du å verte det? 
  • Har du fått blodoverføring eller andre blodprodukt dei siste månadane? 
  • Har du fått anna vaksine dei siste 4 vekene?

Dette er viktig for å sikre deg mot potensielt alvorlege biverknadar og for å kunne gi deg vaksine som er best mogleg tilpassa di helse.

Kva vaksiner har eg eller mine barn fått?

Alle vaksiner som vert gitt i Noreg skal registrerast i det nasjonale vaksinasjonsregisteret, SYSVAK. På Helsenorge.no - Mine Vaksiner kan du logge deg på for å sjå status på dine eigne vaksiner, samt vaksiner gitt til dine barn som er under 16 år. Her finn du:

  • All vaksiner gitt gjennom barnevaksinasjonsprogrammet sidan 1995
  • Reisevaksiner og andre vaksiner, til dømes influensavaksine, gitt sidan 2011

Sidan helserettsleg myndigheitsalder i Noreg er 16 år, har ikkje foreldre tilgang til barna sin vaksinasjonsstatus etter deira 16-årsdag. Buypass ID tilbydast frå fylte 13 år frå og med våren 2018.

Dersom du er mellom 16 og 18 år, kan du utan Buypass ID bestille vaksinasjonskort direkte frå Folkehelseinstituttet. 

Kvar finn eg reiseråd for det landet eg skal til?

Utanriksdepartementet gir løpande reiseråd for alle land Noreg har diplomatiske forbindingar med. På deira sider finn du praktisk reiseinformasjon, reiseråd og informasjon om kva slags tenester og bistand norske borgarar kan forvente av utanrikstenesta.

Under kvart enkelt land finner du blant anna praktiske opplysningar, sikkerheitsinformasjon, innreisereglar og relevant informasjon om landet sitt helsetilbod. Det er den reisande sitt ansvar å gjere seg kjent med innreisereglane til det enkelte land.

Bør eg registrere mi reise hos norske myndigheiter?

Reiseregistrering.no er eit tilbod til reisande om å registrere kontaktopplysningar hos Utanriksdepartementet. Dersom det skjer ei alvorlig hending, har Utanriksdepartementet moglegheit til å sende deg informasjon på SMS eller e-post.

Reiseregistrering er frivillig, men anbefalast særleg ved reiser til risikoland. Til dømes land med høg risiko for naturkatastrofar, politisk ustabile land eller konfliktområdar.

Treng eg europeisk helsetrygdkort?

Europeisk helsetrygdkort dokumenterer at du har rett til dekning av nødvendig helsehjelp i eit anna EØS-land på same vilkår som oppholdslandet sine eigne statsborgarar. Kortet bør du ha med deg dersom du skal opphalde deg midlertidig i eit anna EØS-land eller i Sveits.

Meir informasjon og elektronisk bestilling finn du på Helsenorge.no

Kvar får eg tak i internasjonalt vaksinasjonssertifikat (gult vaksinasjonssertifikat)?

Dersom du reiser til land som krev gulfebervaksine, trenger du eit gult vaksinasjonssertifikat i tillegg til utskrift frå vaksinetenesta på helsenorge.no. Dette er eit papirsertifikat som er utforma etter WHO sine reglar. Eit slikt gult vaksinasjonssertifikat får du utstedt på klinikkar som vaksinerer mot gulfeber.

Kva forholdsreglar bør eg ta for å førebygge sjukdom ved utenlandsreiser?

Forutan å sørgje for naudsynt reisevaksinasjon, er det fleire forholdsregler du bør ta for å unngå å bli sjuk på utanlandsreiser. Nettsida Gode råd for god reise frå Folkehelseinstituttet gir ei grei oversikt over desse.

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Volda kommune

 

 

 

    Hareid              Herøy              Sande            Ulstein           Vanylven           Volda              Ørsta