Barneblikk

Barneblikk

Martine Grande

Svangerskap og småbarnsperiode kan by på glede og forventning, men også på uro og uvisse. Særleg når ein har eller har hatt livsutfordringar. Barneblikk familieteam er ei støtte- og losteneste som gir utvida oppfølging til gravide og småbarnsfamiliar som er påverka av eigne eller andre sine utfordringar knytt til rusmiddel og/eller psykisk helse.

 

Tenesta er gratis og det er ikkje krav om tilvising.

Saman med foreldra ønskjer Barneblikk familieteam å bidra til at barnet får ein best mogleg start i livet og at foreldra opplever meistring av foreldrerolla, familielivet og eigne liv.

Vår visjon: Gravide og småbarnsfamiliar skal få hjelp før rusvanskar eller psykiske vanskar i familien går ut over foreldrefungering og barnets utvikling.

 

KVA KAN VI HJELPE DEG MED?

Kvifor Barneblikk familieteam?

Tidleg hjelp er ei prioritert oppgåve for Barneblikk familieteam der ein er opptatt av kva som er viktig for barnet, kva som er viktig for det einskilde familiemedlem, og kva som er viktig for familien som heilheit.

Opplevingar med rus og psykiske vanskar kan vere krevjande for heile familien, anten ein har vanskane sjølv eller det gjeld nokon ein er glad i. Barneblikk familieteam er difor eit langsiktig lavterskeltilbod til heile familien, frå graviditet til skulealder.

Kven er tilbodet for?

Barneblikk familieteam er eit tilbod til dei som ventar barn eller har et barn under 2 år og der familien er berørt av rus eller psykiske vanskar hos ein eller begge foreldra (no eller tidligare), eller i andre nære relasjonar.

Vanskane til den vaksne skal vere i ei tidleg fase eller «lettare til moderate» (men funksjon i kvardagen er mest avgjørande).

Det er få instansar i kontakt med familien frå før.

Barneblikk familieteam tilbyr også rettleiing til samarbeidspartnarar om familiar med rus og psykiske vanskar.

Kva kan Barneblikk familieteam hjelpe med?

Utfordringar kan påverke ulike delar av kvardagen. Vi er difor opptatt av å finne ut kva familien meistrar og kva som vert vanskeleg på ulike livsområder. Saman med familien finn vi ut kva oppfølginga skal bestå av. Dette kan vere:

Samtalar med / heimebesøk til familien:

  • Få oversikt over familiens situasjon – kva kan gjere kvardagen til familien lettare
  • Styrke og støtte foreldra i foreldrerolla og i samspelet med barnet
  • Gi hjelp til meistring på alle livsområder
  • Nokon å kontakte når ein treng ein prat

Los for familien inn mot andre hjelpetenester:

  • Informere om aktuelle hjelpetenester
  • Hjelp til å ta kontakt
  • Vere følgjevenn i møte med andre tenester
  • Bistå familien med å koordinere hjelpetenester

Sjølv om andre tenester blir kobla på, vil Barneblikk vere den stødige grunnmuren heilt til barnet startar i skulen.

 

Kven er vi?

Vi som jobbar i Barneblikk familieteam i Ulstein er fagpersonar frå kommunen og spesialisthelsetenesta:

  • Wenche Gjerde Sætre (leiar): Helsesjukepleiar med vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge
  • Aina Louise Kvalsund: Sosionom og familieterapeut, held på med vidareutdanning innan sped- og småbarn si psykiske helse
  • Gudrun Solstad Thokle: Utdanna pedagog med tilleggsutdanning innan psykisk helse.
  • Annette Knudsen: Sosionom med vidareutdanning innan rus, rettleiing og helsefag.

Alle tilsette i Barneblikk Ulstein er sertifiserte COS-P (Circle of security parenting) kurshaldarar.

 

Korleis kome i kontakt med Barneblikk Familieteam?

Våre lokalitetar er på Ulstein helsestasjon, Reiten 20.

Ein kan kome i kontakt med oss ved å ringe: 908 73 341, eller Ulstein helsestasjon 700 17 880.

Jordmor, helsesjukepleiar, fastlege eller andre de er i kontakt med, kan òg formidle kontakt.

Tenesta er gratis og det er ikkje krav om tilvising.

Informasjon om Barneblikk frå Helse Møre og Romsdal HF

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Volda kommune

 

 

 

    Hareid              Herøy              Sande            Ulstein           Vanylven           Volda              Ørsta