Foreldrekurs

Foreldrekurs

Ulstein helsestasjon arrangerer gratis kurs etter foreldrerettleiingsprogrammet Tryggleiksirkelen (Circle of security parenting, COS-P). Ta kontakt med helsestasjonen for meir informasjon eller påmelding. Nye kurs vert også annonsert på helsestasjon si Facebook-side.

 

Kva er tryggleiksirkelen foreldrekurs?

Tryggleiksirkelen er ein modell som kan hjelpe deg å sjå og forstå barnet sitt behov og følelsar.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete

 

Som foreldre kan vi alle til tider føle oss opprådde og ikkje vite korleis vi skal handtere og forstå barnet vårt.

Vi ønsker å gi foreldre eit verktøy som kan vere til hjelp i kvardagen med borna. Eit «vegkart» som gir retning. Kurset handlar både om det å kunne sjå barnet innanfrå og seg sjøl utanfrå og kva signal borna og foreldre sender til kvarandre. Programmet bygger på forskningbasert kunnskap om korleis foreldre-barn-relasjonar kan støttast og styrkast.

På kurset får du hjelp til:

  • Å forstå barnet ditt
  • Korleis hjelpe barnet med følelsar
  • Korleis bygge barnet sin sjølvfølelse som deira grunnmur
  • Korleis handtere situasjonar der barnet oppfører seg utfordrande
  • Korleis takle eigen frustrasjon i møte med barnet
  • Korleis finne balansen mellom det å være tydelig, men samtidig god, i krevjande situasjonar med barnet   

 

Kven kan delta på kurset?

Kurset er anbefalt til alle foreldre. Du treng ikkje oppleve at foreldrerolla er vanskelig, eller at ditt barn har behov for noko spesielt. Tilbudet er til deg som ønsker å hjelpe barnet ditt til å få ei trygg tilknytning.

Kurset er gratis og går over 7 samlingar à 1,5 time kvar gong. Kurset vert halde av helsesjukepleiarar og foreldrerettleiar som er sertifiserte rettleiarar i Tryggleiksirkelen (COS-P), og gjennomførast på Ulstein helsetsasjon.

    

For meir informasjon eller påmelding, ta kontakt med:

Gry Grønmyr Jonberg, tlf. 481 68 230

Kristin Meli, tlf. 70 01 78 84

Eller send ein e-post til ulstein.helsestasjon@ulstein.kommune.no

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Volda kommune

 

 

 

    Hareid              Herøy              Sande            Ulstein           Vanylven           Volda              Ørsta