Volda kommune

Volda kommune

Helsestasjon- og skulehelseteneste

Volda helsestasjon har lokale i underetasjen på rådhuset. Helsestasjonen har også ei avdeling i Helsehuset i Hornindal. Vi gir tenester til gravide, barn, ungdom, foreldre samt studentar.

I tillegg til basistenestane har Volda kommune kommunepsykolog tilknytt helsestasjonen. Vi er sertifisert som ammekyndig helsestasjon og tilbyr foreldrerettleiing basert på "Tryggleikssirkelen".

 

Timebestilling:

Du kan kontakte helsestasjonen via Helsenorge. Ta kontakt når det passar for deg, og unngå telefonkø. Når du sender ei melding til oss via Helsenorge svarar vi normalt i løpet av ein arbeidsdag.

Du kan også laste ned Helsenorge appen til din mobiltelefon (iOS eller Android). Med appen kan du logge deg på enkelt med fingeravtrykk, ansiktsgjenkjenning eller personleg kode. Du treng då ikkje nytte ID-porten kvar gang du skal inn på tenesta.

 

Kontakt oss på Helsenorge

 

Tenesta er sikker og gjer at du også kan sende oss sensitive opplysningar. Meldingar du sender til oss kjem rett inn i helsestasjonen sin elektroniske pasientjournal, og vert behandla her. Her finn du meir informasjon om tenesta.

Informasjon om kva tid vi er tilgjengeleg på den enkelte skule vert publisert med oppslag på skulane og ev. ranselpost til elevane.

Opningstider:

Måndag, onsdag & fredag kl. 8.30-15.00
Tysdag kl. 8.30-16.00
Torsdag kl. 13.00-16.00

Telefon:

70 05 88 20 - Telefontid måndag-fredag kl. 08:30-11:00 og 13:00-15:00.

Helsestasjon for ungdom og studentar:

Vi held til i helsestasjonslokala, i kjellaren på rådhuset, og er eit tilbod til ungdom 13-20 år og studentar.

Ope tysdag og torsdag kl. 14.00-16.00. Siste oppmøte for drop-in time er kl. 15.30.

Lege er tilstades tysdagar.

I skuleferiar har vi ope tysdag kl. 14.00-16.00.

Postadresse:

Volda kommune, Helsestasjonen, Stormyra 2, 6100 Volda.

Følg oss i sosiale media:

 

Volda helsestasjon

Helsestasjon for ungdom og studentar

 

Snapcode for Volda

@voldaunghelse

 

Kva kan vi hjelpe deg med?

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Volda kommune

 

 

 

    Hareid              Herøy              Sande            Ulstein           Vanylven           Volda              Ørsta